Stortingspresident Thorbjørn Jagland opplyser til Bergens Tidende at han i vår hadde ein samtale med Khan om mobiltelefonbruken hennar då det ikkje var betring å spore etter at ho ved årsskiftet var blitt åtvara.

Les også: Spådde Kahn om politikk

Jagland opplyser vidare at også ein annan stortingsrepresentant for ei tid sidan fekk ei åtvaring for heilt uakseptabel bruk av mobiltelefon.

– I begge sakene er det snakk om store og heilt uakseptable beløp. Saera Khan har nå tilbakebetalt det ho skuldar Stortinget, seier Jagland.

Løgner og avgang Han vil ikkje seie meir om nokon av desse sakene. Han vil heller ikkje opplyse kven den andre representanten som har fått ei åtvaring er, heller ikkje kva partigruppe vedkomande høyrer til.

Uavhengige kjelder opplyser til Bergens Tidende at det gjeld ein representant i Frp.

Leiaren for gruppesekretariatet i Frp, Geir Almåsvold Mo, seier at han ikkje er kjent med at nokon representant i gruppa har fått åtvaring om mobilbruken.

I går vart det kjend at Saera Khan trekkjer seg frå sjetteplassen på oslolisten til Stortinget etter å ha vedgått at ho snakka usant om mobilbruken sin.

Khan har påstått at ho har hatt heftig telefonkontakt med ein «nær ven» som er engasjert i spesialstyrkane i Afghanistan. Dette har ho også hevda overfor leiinga i Ap-gruppa på Stortinget som har vald å lite på henne.

Parlamentarisk leiar Hill-Marta Solberg var i går djupt skuffa over at partifellen hadde ført henne og andre bak lyset.

Onsdag kveld vedgjekk Khan at dette ikkje var sant og at store delar av telefonutgiftene gjeld samtalar med såkalla «klarsynte».

Gjev innsyn

Presidentskapen på Stortinget vedtok i går å gjere offentleg tilgjengelege opplysningar om kor mykje kvar representant ringer for med mobiltelefon.

Dette vedtaket kjem etter at Venstre-leiar Lars Sponheim tok til orde for det då mobilbruken til Saera Khan vart offentleg kjend.

Jagland seier at vedtaket vil gjelde frå og med 4. kvartal i år, og ikkje med tilbakeverkande kraft.

Jagland opplyser at mobiltelefonbruken i gjennomsnitt for stortingsrepresentantane ligg på 20.000 kroner i året.

Kva som er akseptabel bruk vil variere mykje, avhengig av kva funksjon og oppgåver den einskilde representanten har, seier Jagland.

Saera Khan trakk seg torsdag frå oslolista til Stortinget.
Erichsen, Jarl Fr.