Klimarekneskapen går i pluss for Halsnøysambandet, som opnar i Kvinnherad i dag. Årsaka er det innkorta ferjesambandet til Stord, som avsluttar Sunde sin lange tradisjon som ferjehamn.

I januar i år blei det frakta nær 7500 køyretøy mellom Sunde og Skjersholmane (Stord). Denne trafikken blir frå i dag leia gjennom Halsnøytunnelen og over riksveg 544 til Ranavik, ein distanse på i alt 11, 6 kilometer.

Mindre CO2 og NOx

Det auka utsleppet av klimagassen CO2 som denne ekstrakøyringa representerer – vel 15 tonn i månaden – blir meir enn vegd opp av reduksjonen i utsleppet frå ferjene.

Ferjesambandet og «kundane» vil årleg representera vel 1900 tonn mindre CO2-utslepp. Dette trass i at rutefrekvensen over fjorden no blir auka frå 33 til 42 kryssingar i døgeret.

Dessutan vil dei to ferjene som trafikkerer Ranavik – Skjersholmane spy ut 35 tonn mindre nitrogendioksid (NOx) i året enn når ferja også går til Sunde.

Klimarekneskapen som er utført av Bergens Tidende, er basert på gjennomsnittleg CO2-utslepp frå personbil (174 gram pr. km), utsleppsverdiar for eldre dieselferjemotorar (12 gram NOx og 650 gram CO2 pr. kilowatt), og rutehefte og trafikkstatistikk frå Tide Sjø/vegvesenet.

Meir å henta

Teoretisk kan Kvinnherad – Stord-sambandet reduserast til halve seglingsdistansen i høve til dagens 14,4 km lange kryssing mellom Ranavik og Skjersholmane. Det vil gje tilsvarande kutt i ferjeutsleppa.

Kravet om ny ferjelending på Stord for Kvinnherad-ferja har eksistert sidan før Skjersholmane blei mellombels kai i 2003. Stord kommune og Statens vegvesen har sett i verk konsekvensutgreiing av denne ferjeproblematikken, med høyringsfrist 1. april.

Å nytta eksisterande ferjestø på Skjersholmane og Jektevik er to av fem alternativ i utgreiinga, som også vil omfatta nye kaianlegg ved Rommetveit og Leirvik med tilførsleveg i tunnel.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland ber i sin merknad til Nasjonal Transportplan 2010 – 2019 om at innkorting av ferjesambandet blir prioritert tidleg i planperioden 2010 – 2015.

MINDRE UTSLEPP: Klimarekneskapen går i pluss for Halsnøysambandet, som opnar i Kvinnherad i dag. Her er Halsnøytunnellen, som bind øya til fastlandet.
Sunde, Helge