JARLE NATLAND

Likevel står Borten att som den kanskje mest folkekjære og folkelege statsministeren Norge har hatt, Einar Gerhardsen unnateke.

Omslaget til «Staurberaren Per Borten» er pryda av Borten med naken overkropp og skuggelue frå Felleskjøpet.

— Eg trudde først det var ein traktorreklame frå 1950-talet, sa professor Trond Nordby då han kommenterte biografien under lanseringa i går.

Først i koret

NRK-veteran Lars-Jakob Krogh var leiar i Presselosjen då Borten måtte gå av i 1971. Han seier det slik:

— Eg var ikkje hans beste ven, men heller ikkje hans dårlegaste. Pressa fann ein fin hoggestabbe i Per. Han skuffa oss aldri med tvisynte og høgst tolkbare kommentarar som sikra store oppslag. Han var ein grei kar slik. Han møtte mykje hån frå oss - og eg skal vera ærleg nok til å innrømma at eg sjølv var sterkt med i koret.

Men historikar og forfattar Harald Berntsen skildrar først og fremst bondehovdingen Per Borten over 605 tettskrivne sider. Berntsen vart beden om å skriva biografien over Borten av William Nygaard sjølv, hausten 2002. Då hadde biografiprosjektet til Finn Gustavsen over Borten først stranda solid.

— Gustavsen og Borten hadde gode samtalar om EEC, overvaking og offentleg innsyn, men det stogga heilt opp for dei då dei tok opp temaet om russisk kooperasjon i landbruket, seier Berntsen sjølv.

Berntsen er godt planta i venstre-fløyen i norsk politikk. Tidlegare har han mellom anna skrive den definitive biografien om Johan Nygaardsvold. Nyutgjeving av den og eigen, berbar pc var vilkåret for at han tok på seg prosjektet Borten. Begge krav vart innvilga av Nygaard omgåande.

Avliva myte

Berntsen avviser myten om at Borten lak som ei sil til journalistane og fall for eige grep, i mars 1971.

— Borten måtte gå på grunn av den indre EEC-striden i regjeringa, ikkje fordi han sjølv hadde gjort noko kritikkverdig. Han kunne ha overlevd det politiske kjøret mot seg, dersom han straks hadde sagt at han ikkje var kjelda til det famøse Dagbladet-oppslaget. Men tvisynet hans bidrog sterkt til å fella han, seier Berntsen.

Berntsen meiner sjølv at boka har som sentralt nyheitspoeng at Bortens store politiske prosjekt var å samla det gamle Venstre, det vil seia dei tre sentrumspartia til eit stort parti.

Bautaen

I norsk historie vil Borten alltid bli hugsa for tre ting, skriv Berntsen.

  • Han sette stillinga som statsminister inn på å få innført offentlegheitslova i 1969.
  • Han kjempa gjennom oppreisning for krigssiglarane.
  • Han starta det lange oppgjeret med overvakingstenesta som enda med Lund-kommisjonen på 1990-talet.

Berntsen går langt i å peika på dåverande handelsminister Kåre Willoch som hovudkjelda til dei mange og store lekkasjane frå regjeringas indre liv, særleg då til Lars-Jakob Krogh i NRK. Dette var lekkasjar som bekymra Borten sterkt, bortimot livet ut, skriv Berntsen.

— Harald Berntsen hadde nok håpa at eg skulle stadfesta dette, men Willoch var berre ei av mange kjelder for meg og andre i pressa, hevda Krogh under biografilanseringa i Oslo måndag.

INDRE STRID: Statsminister Per Borten måtte gå av på grunn av den indre EEC¿striden i regjeringa, ikkje fordi han sjølv hadde gjort noko kritikkverdig, skrivforfattaren Harald Berntsen i boka «Staurberaren Per Borten». FOTO: JARL FR. ERICHSEN/SCANPIX
Erichsen, Jarl Fr.