• Omorganiseringa av Fiskeridirektoratet er høgst kritikkverdig og nærmast eit kupp av regjeringa, meiner Olav Akselsen (A) som er leiar av næringskomiteen i Stortinget.

Akselsen seier til Bergens Tidende at han veit ikkje heilt kva han skal tru etter at regjeringa midt i sommarstilla vedtok å snu opp ned på det meste som har med Fiskeridirektoratet å gjera.

Talet på regionkontor vert m.a. redusert frå ni til fem, og etableringa av Mattilsynet fører dessutan til at oppgåver som no ligg under Fiskeridirektoratet i Bergen vert desentraliserte.

Vil få eit etterspel

— Dette kom heilt uventa, og det bryt med alle reglar for sakshandsaming. Berre det å vedta ei så omfattande reform utan å senda saka ut på høyring, er både uvanleg og forkasteleg. Det seier seg sjølv at dette må få eit etterspel, seier Akselsen som nett no driv på og vøler båten «Quinden» som ligg i Sagvåg.

Olav Akselsen er forundra over at fiskeriministeren ser seg tent med ein så lukka prosess som i dette tilfellet. Det er etter hans syn høgst kritikkverdig at statsråden og regjeringa ikkje har teke lokalsamfunna og dei tilsette med på råd, for det er svært mange som er berørt av desse endringane.

- Merkeleg grunngjeving

— Er det ikkje heilt logisk å omorganisera direktoratet i samband med at det no vert oppretta eit felles mattilsyn?

— Ein må sjølvsagt heile tida sjå om ting kan gjerast betre og annleis enn før, men eg er svært usikker på om dette er den beste løysinga.

Dessutan er det ei merkeleg grunngjeving å visa til det som skal skje med det nye mattilsynet. Det er jo ikkje eingong vedteke. Stortinget vedtok før ferien å senda saka tilbake til ny handsaming. Fleirtalet gjekk rett nok inn for eitt tilsyn, men vi meinte at det burde utgreiast betre. Derfor er det forhasta å omorganisera Fiskeridirektoratet før Mattilsynet er formelt vedteke, meiner Akselsen.

Bakvendt med Måløy

Fiskebåtreiar Inge Halstensen i Austevoll ristar og kraftig på hovudet over det som er i ferd med å skje med Fiskeridirektoratet, og han ordlegg seg slik:

— Det vert eit stort tilbakesteg for oss som driv fiske her i Hordaland å måtte retta oss etter regionkontoret i Måløy, medan vi til no berre har hatt ein times reise til kontoret i Bergen. Det er få stader langs kysten som ligg så bakvendt til kommunikasjonsmessig som Måløy, seier han.