I fjor fekk om lag hundre pasientar med sjukleg overvekt tilbod om livsstilsbehandling ved Hauglandssenteret i Fjaler i Sogn og Fjordane. Behandlinga er konsentrert om sunn mat, mosjon og mental trening, og Helse Vest var først i landet med eit slikt tilbod i offentleg regi.

Kirurg og dr.med. Hjørtur Gislason, som har utført fedmekirurgi ved Aleris Helse AS sidan 2005, er svært kritisk til livsstilskursing dersom pasientane ikkje også får tilbod om operasjon.

— Det er trakassering! Pasientane har prøvd både det eine og det andre, og vore gjennom alt før - frå tradisjonelle slankekurar til Grete Roede og Fedon Lindberg - og mislukkast, seier han.

— Pasientane lærer ingenting nytt, og det finst ikkje vitskapleg dokumentasjon for at livsstilskurs hjelper i lengda. For denne gruppa finst det ingen annan reell behandling enn operasjon, seier kirurgen og viser til omfattande forsking som dokumenterer dette.

Etterspørselen er langt større enn tilbodet. Då Aleris Helse AS hadde informasjonsmøte om fedmekirurgi i Bergen nyleg, møtte det så mange fram at klinikken måtte arrangere endå eit møte same kveld.

Aleris er den einaste private aktøren i landet som tilbyr fedmekirurgi, og i fjor opererte Gislason over 300 pasientar. Berre 23 var fristbrotpasientar, dei aller fleste frå Helse Vest. Det regionale helseføretaket i vest er nokså aleine om å gje denne gruppa behandlingsgaranti.

— Då eg kom hit frå Island i 2005, var eg klar over at tilbodet var svært lite i forhold til behovet, og eg trudde at eg skulle operere fristbrotpasientar. Men svært få får ein slik garanti. Dei fleste betalar sjølv.