Det hevdar fleire sentrale Ap-politikarar overfor Bergens Tidende. Høgresida i Ap freistar å reversere venstredreiinga til Stoltenberg II-regjeringa.

— Vil svekke Valla

Men det er vanskeleg å få folk til å stå fram med synspunkta sine. Fleire seier dei fryktar reaksjonar. Men ein som tek bladet frå munnen er advokat og Ap-politikar Ingjald Ørbeck Sørheim:

— Nokre på høgresida, både i og utanfor Ap, utnyttar Yssen-saka for alt den er verdt. For å svekke LO, Gerd-Liv Valla og kursen LO har teke under leiarskapen til Valla. Det gjeld også makta i partiet.

Sørheim er tidlegare politisk rådgjevar for statsminister Gro Harlem Brundtland og medlem av representantskapen i Oslo Ap.

Fleire meiner Valla har for sterk innverknad på den politiske kursen til Stoltenberg-regjeringa og dermed på avgjerder i einskildsaker. Dette går også tilbake til personkabalen då regjeringa vart samansett, inkludert val av statssekretærar og politiske rådgjevarar.

«Direktør-sjiktet»

Overfor BT blir det også hevda at Yssen-saka er eit nøye regissert opplegg, der Ingunn Yssen sjølv har vore med og regissert. Det blir vist til at Yssen tilhøyrer «direktør-sjiktet» på høgre-sida i Ap, som har funne saman i noko dei kallar Kristiania Forum, eit uformelt nettverk av Ap-folk i Oslo vest. Mellom desse er også fleire av Stoltenberg sine næraste vener.

Andre meiner høgresida i partiet berre utnyttar opninga som er skapt etter at Yssen valde å la landets største avis, VG, få tilgang til heile oppseiingsbrevet sitt, samstundes med at det vart levert i LO.

- Utnyttar situasjonen

Karin Andersen (SV) som er leiar for arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, med ansvar for arbeidsmiljø og «mobbesaker», har denne reaksjonen:

— Det er trist at Gerd-Liv Valla ikkje ba om orsaking raskt og skikkeleg nok. For LO har hatt ei svært god utvikling med Valla som leiar.

— Eg føler at dei som kritiserer Valla sterkast nå, utnyttar situasjonen og eigentleg ynskjer at LO skal bort frå dagens kurs. Eg ynskjer ingen endring. LO er viktig, og vi står overfor mange og store kampar på område der landets største arbeidstakarorganisasjon vil spele ei viktig rolle. Difor er det om å gjere at LO ikkje blir svekka, seier Andersen, og legg til:

— Eg har kritisert LO og Valla før i ulike saker. Det kjem eg til å halde fram med.