PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bergens-tidende.no

Politiet bestemte seg fredag for å utvide siktinga mot direktør Jarle Kvalheim i OK-Fish Kvalheim AS til også å gjelde grov utruskap.

– Vi meiner han har underslått drygt 20 millionar kroner frå salget av tre dotterselskap av OK-Fish like før jul, opplyser 1. statsadvokat Petter Nordeng i Økokrim til Bergens Tidende.

Salsummen skulle angiveleg vere 60 millionar kroner fordelt på kontantar og aksjar i den børsnoterte kjøparen Pan-Fish. Men påtalemakta meiner no at den reelle salsummen var 20 millionar kroner høgare, og at desse midlane er underslegne av Kvalheim.

– Vi har funne og sikra desse verdiane, stadfestar Nordeng overfor Bergens Tidende.

Førstkommande mandag vil Økokrim framstille Jarle Kvalheim for Nordfjord forhøyrsrett med krav om nye fire vekers varetektsfengsling.

OK Fish-direktøren har ikkje erkjent straffeskuld med omsyn til det nyaste punktet i siktinga mot han. Tidlegare har han vedgått momsunderslag av 220 millionar kroner, pengar som skal ha gått inn i drifta av selskapet OK-Fish i Måløy.

Les meir om saka i BT i morgon.