• Ein må ikkje bruke bibelen og Guds ord i billig politisk agitasjon. Det eg såg på tv av Carl I. Hagen frå møtet i Levende ord i Bergen, likte eg dårleg.

Dette seier stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn, (KrF) til Bergens Tidende.

Anita Apelthun Sæle, som er partifelle av Sørfonn på Hordalands-benken på Stortinget, har ei heilt anna oppfatning. Til BT seier ho:

Klappa for Hagen

— Det Hagen sa og gjorde var heilt ok, når ein ser det i samanheng. Eg var til stades på møtet og var ikkje usamd i noko av det han sa. Klappe for han gjorde eg óg.

— Han tok for det første avstand frå at islamistiske grupperingar nyttar barn i krigen mot Israel. For det andre talte han sterkt for demokrati og mot despoti og diktatur. Han presiserte at han ikkje var mot muslimar, men berre mot muslimske ekstremistar. Eg meiner framstillinga i media av det som skjedde på møtet gjev eit heilt forteikna bilete, seier Sæle.

Sørfonn som i mange år var formann i Det Vestlandske Indremisjonsforbund, seier at han skil klart mellom å opptre som politikar og i rolla som indremisjonsmann.

«Billige poeng»

— Eg er sterkt oppteken av at ein ikkje må skåre billige poeng på å utnytte bibelen eller Guds ord. Det gjeld også for mitt eige parti. Eg stiller også strenge krav til meg sjølv. Eg har så stor respekt for Guds ord, at eg er veldig på vakt her, seier Sørfonn.

Sørfonn var sjølv ikkje på møtet i Bergen tysdag, men såg innslaget som vart sendt i NRK Kveldsnytt tysdag kveld.

— Du såg då at Hagen brukte gudsorda: «La dei små barn kome til meg, hindre dei ikkje.....» Opptrådte Hagen då som ekte eller falsk profet?

— Slike karakteristikkar vil eg ikkje gje. Men det eg såg, likte eg dårleg. Den måten å bruke Guds ord på likar eg kort og godt ikkje.

Sørfonn seier at han ikkje vil legge seg borti kven dei ulike kristelege organisasjonane inviterer til sommarstemna. Her respekterer eg demokratiet, seier han.

På «fisketur»?

— Hagen er ein smart politikar. Det er det ingen tvil om, seier Sæle. Men eg er overtydd om at han meiner det han seier når det gjeld Israel, seier ho, når vi spør om Hagen var på stemmefiske i kristelege miljø.

— Det er innlysande at han får applaus for det han seier. Men det var ikkje mindre applaus etter at eg hadde halde innlegget mitt i forsamlinga, seinare på dagen, legg ho til.

— Leiaren for Levende ord, pastor Enevald Flåten, tok til orde for at Frp nå må med i regjeringa. Kva meiner du om det?

— Eg vil ikkje kommentere det, seier Sæle, før ho legg til: - Det ville vere ein kjempeprosess. Du diskuterer ikkje alternative regjeringar når vi sit i ei regjering som arbeider ut frå Sem-erklæringa som er kjempebra, seier Sæle.