KJERSTI MJØR

Mange pasientar har følt seg mistrudde og oversette av det norske helsevesenet, og ein del er blitt operert i Tyskland for eiga rekning.

— Det betyr veldig mykje å få ein diagnose. Ikkje berre blir alt enklare i forhold til trygdesystem og forsikringsselskap. Også psykisk følest det svært belastande å sjå heilt frisk ut, når ein ikkje fungerer i det heile tatt, seier seksjonsoverlegen til BT.

Gjennombrot

Røntgenkøen med nakkeslengpasientar kan bli lang i åra som kjem. For første gong har nemleg ein forskar klart å utvikle ein metode som påviser nakkesleng ved hjelp av MR (magnetisk resonans).

— Vi er dei første som har klart å ta bilete av bandskader i øvre nakkeregion. Det betyr at nakkeskadepasientar for første gong kan få ein diagnose, seier Kråkenes.

Han arbeider ved Nevroradiologisk seksjon på Haukeland Universitetssykehus, og tok nyleg doktorgraden på nakkesleng og MR - avansert snittfotografering basert på kraftige magnetfelt og radiobølgjer.

- Ikkje hokuspokus

Sidan 1995 har Kråkenes arbeidd målretta for å finne ein god metode for å påvise nakkesleng. Det heile begynte då manuellterapeut Bertil Rune Kvaale på Sandane tok kontakt med han.

Kvaale møtte mange nakkeslengpasientar i praksisen sin, og utvikla etter kvart kliniske testar som kunne påvise ustabilitet i øvre nakkeledd. Spørsmålet hans til Kråkenes var: Er det mogleg å påvise skade i bandstrukturane ved hjelp av MR?

Fire år seinare hadde Kråkenes utvikla sin spesielle metode, som vart testa ut på 92 nakkeslengskadde og tretti friske personar. Ved hjelp av denne teknikken klarte han å påvise forandringar i bandstrukturane i øvre nakkeregion.

— Det er ikkje noko hokuspokus ved denne metoden, sjølv om ingen har brukt han tidlegare. Undersøkinga kan utførast på dei fleste nyare MR-maskinar, men det er relativt vanskeleg å ta gode bilete. Tolkinga er heller ikkje enkel, og krev at legen er spesielt interessert og engasjererer seg.

Finn behandlingsmetodar

Hittil har det vore uråd å påvise det anatomiske grunnlaget for nakkesleng, og det finst heller ikkje effektiv behandling for denne typen skader. Men forskingsgjennombrotet i Bergen vil også få konsekvensar for sjølve behandlinga av folk med nakkesleng.

— All erfaring viser at når ein diagnose først er etablert, blir det også utvikla effektive behandlingsmetodar. Det kjem til å gjelde også for denne tilstanden, seier Kråkenes til BT.

Trening best

— Kva slags behandlingsform blir mest aktuell?

— Truleg vil spesielle treningsmetodar vere den beste strategien, for å få leddfunksjonen i gang igjen og styrke muskulaturen.

— Har du løyst nakkesleng-gåta?

— Nei, det trur eg ikkje. Dette er ein tilstand med mange andlet, og kanskje kan vi i framtida påvise forandringar i andre strukturar også. Men mykje tyder på at ustabilitet i øvre nakkeledd er årsak til mange av dei symptoma desse pasientane slit med, seier Kråkenes.