Busch seier at han har reagert uavhengig av oppslaga i Bergens Tidende, og at han har varsla politidirektør Ingelin Killengreen om at han vil ta opp saka.

Det vil skje på møte i det sentrale koordineringsorganet (SKO) i nær framtid. I dette utvalet sit politidirektøren (som leiar), riksadvokaten, økokrimsjefen, overvakingssjefen, Kripos-sjefen, politimeisteren i Oslo og Justisdepartementet.

Killengreen stadfester overfor Bergens Tidende at riksadvokaten har varsla henne om at han vil ta opp denne saka. Ho har sjølv også sett minst eitt utkast til mediestrategi for Kripos i barnepornosaka.

Vil ikkje seie noko

Busch opplyser at han har sett to forskjellige versjonar av opplegg til mediestrategi. Han reagerer på delar av innhaldet. Kva han konkret har reagert på, vil han ikkje seie noko om nå.

Busch var utanlands, på nordisk riksadvokatmøte, då barnepornorassiaen og pressekonferansen vart avvikla i slutten av august. Men han har seinare fått tilgang til utkast til mediestrategi.

Kripos-sjef Arne Huuse har opplyst til Bergens Tidende at det vart laga 6-8 versjonar eller utkast til mediestrategi.

Minst ein av desse fortel av Kripos skal gå ut og fortelje «det glade budskap» om resultat av rassiaen, på dag tre etter at rassiaen er gjennomført.

Planen om pressekonferanse på dag tre, vart også gjennomført.

Det er i planen også brodert ut at Kripos bør fokusere på behov for meir ressursar, fleire stillingar.

Sendt ut ved ein feil

Huuse forklarte til Bergens Tidende at eit av utkasta vart sendt ut ved ein feil i Kripos.

Opplysningane om innhaldet i mediestrategien, som vart kjent gjennom Bergens Tidende, resulterte i ein kvass reaksjon mot Huuse frå Politidirektoratet i førre veke.

Førstestatsadvokaten i Oslo, Lasse Qvigstad, som hadde det påtalemessige ansvaret for behandlinga av barnepornosaka fram til rassiaen vart gjennomført, retta i Bergens Tidende fredag klar kritikk mot Huuse. Han meinte pressekonferansen vart halden for tidleg («prematurt»).

Huuse har grunngjeve avviklinga av pressekonferansen med at rassiaen var i ferd med å bli kjent.

Effekten vart i alle fall at Oslo-politiet mislykkast i å sikre bevis mot to av dei opprinneleg 163 sikta. Oslo-politiet fann ingen grunn til å gjennomføre ransaking etter pressekonferansen til Kripos.