• Lærdalselvi og lærdalslaksen er lenger nede enn nokon gong. Det er det reine vaset som kom fram i media tidleg på sommaren om at elvi no er oppe og går igjen.

Det er elveeigar Per Hjermann og elvelagets sin formann Knut Eltun som seier dette til Sogn Avis.

No har laksen i Lærdal på folkemunne fått namnet VG-laksen etter at avisa i eit større oppslag viste bilde av ein ti kilos laks, fiska på Hjermannretten.

Per Hjermann stadfestar at det vart med denne eine laksen i heile sommar. Både Hjerman og Eltun avkreftar at dei har hatt ein finger med i den ulykksalige medie-regien, om ei elv som er oppe og går igjen.–Det er noko som skurrar når media gir att slik lykkerus for fisk fanga i ei gyrosmitta elv seier Eltun.