I går vart det klart at riksadvokaten er samd med statsadvokaten i at skuldingane mot Medhaug for påstått valdtekt, vart lagt vekk «som intet straffbart forhold».

Riksadvokaten har avvist ein klage over statsadvokaten si avgjerd frå advokat John Christian Elden, som representerer kvinna som opptrer som fornærma i saka.

— Vi er svært nøgde med dei utsegnene og vurderingane riksadvokaten har kome med i saka, seier advokat Bjørn O. Vikse til Bergens Tidende. Han representerer Medhaug.

Styrker kritikken

Avgjerda til riksadvokaten er eigna til å styrke Medhaug sin kritikk mot partitoppane Valgerd Svarstad Haugland, generalsekretær Inger Helene Venås og fylkesleiar Kari Austerheim Slinde. Torsdag i førre veke melde Medhaug desse tre til politiet i Stavanger for injuriar. Same dag melde han kvinna som hadde skulda han for valdtekt, til politiet i Oslo.

Politiet vil først på nyåret ta stilling til om det skal innleiast etterforsking mot dei fire kvinnene.

Det får Bergens Tidende opplyst ved dei to politidistrikta.

Dersom avgjerda blir at sakene blir lagde vekk utan etterforsking, har Medhaug fire veker på seg til å avgjere om han vil reise privat straffesak. Det betyr at fristen hans først vil gå ut etter at Kristeleg Folkeparti har halde landsmøte med nyval i Bergen 23. januar.

Det betyr at den nyvalde leiinga, med Dagfinn Høybråten i spissen, vil måtte slite med Medhaug-saka i ei ubestemt framtid, om ikkje partileiinga sørgjer for å få saka ut av verda.

Intense forhandlingar

Politiadvokat Ingrid Tjørhom ved Stavanger politidistrikt, avslår å svare på om ho vil drøfte saka med statsadvokaten før det blir avgjort om saka skal etterforskast.

Det er nå blitt kjend at Medhaug har vore i intense forhandlingar med den sitjande partileiinga om ei løysing av konflikten. Medhaug har kravd ei orsaking frå partileiinga for måten den har omtala og presentert saka mot Medhaug på.

Det har han ikkje fått, og det var etter det han bestemde seg for å melde dei fire kvinnene til politiet.

Ballen ligg nå hjå Valgerd Svarstad Haugland: Ved å kome Medhaug i møte, kan ho oppnå at Medhaug trekker sakene han har meld til politiet, og såleis ryddar bordet for Høybråten.

I motsett fall vil Høybråten måtte vurdere korleis han kan kvitte seg med denne problemsaka til minst mogleg skade for partiet. Det kan bli krevjande om han skal unngå å desavuere Valgerd Svarstad Haugland og partisekretær Inger Helene Venås.

Høybråten har uttala seg sterkt kritisk om måten partiet har behandla Medhaug-saka på.