Lagnaden vil ha det til at møtet skjer same dag som Valgerd Svarstad Haugland fortel landsstyret i Kristeleg Folkeparti om ho tek attval som partileiar eller går av.

Det såkalla Medhaug-saka og måten partileiaren har takla den på, har vore eit av dei viktigaste ankepunkta mot Svarstad Haugland i seinare tid, både internt i partiet og for omverda.

Hennar utsegner i denne saka, verka til å øydelegge ein stor del av valkampen for Kristeleg Folkeparti.

— Treng ikkje barnejente

Medhaug møter åleine i forliksrådet.

— Han treng ikkje ei barnejente til å leie seg, seier advokaten hans, Bjørn O. Vikse, til Bergens Tidende.

— Eg har all grunn til å tru at det blir eit kortvarig møte. Det er ikkje grunnlag for noko forlik. Kvinna påstår framleis at ho vart utsett for valdtekt, også etter at statsadvokaten la vekk saka som «intet straffbart forhold». Ho krev at Medhaug skal seie seg lei for det ho omtalar som valdtekt og å betale ein symbolsk sum pengar til eit eller anna formål, seier Vikse.

— Skuldingane hennar er avkledd av statsadvokaten. Det blir ikkje betre av at ho gjentar skuldingane. Det blir nærmast som å tru på julenissen å tru at Medhaug vil inngå forlik på eit slikt grunnlag. Ho vil ha Medhaug til å vedgå å ha gjort noko han ikkje har gjort, seier Vikse.

Kan måtte stå fram

Advokat John Christian Elden, som representerer den kvinnelege eks-kjærasten til Medhaug, var ikkje tilgjengeleg for Bergens Tidende i går. Men han har opplyst at han vil vere på Karmøy når partane skal møtast i forliksrådet. Det er også Elden som har skreve forliksklagen mot Medhaug.

Under sjølve møtet i forliksrådet, møter partane adlet til andlet åleine, saman med leiaren i forliksrådet.

Den tidlegare advokaten til kvinna, rådde ho frå å gå vidare med saka sivilrettsleg etter at statsadvokaten hadde lagt vekk straffesaka.

Blir det ikkje forlik i dag, kan kvinna gå vidare og stemne Medhaug for retten. Gjer ho det, vil det bli ei rettssak der ålmenta etter dei vanlege rettsreglane har fritt tilgjenge. Kvinna kan då neppe gjere rekning med å halde fram i anonymitet.

<b>KAMPKLAR:</b> Jan Birger Medhaug har lenge kjempa for å bli kvitt skuldingane om valdtekt. No møter han eks-kjærasten andlet til andlet.<br/>ARKIVFOTO