• På lovsongkvelden var det faktisk flest nordmenn i salen og me brukte flittig av dei norske songane i boka vår. Slik er det ofte når me har samlingar og gudstenester i Skandinaviske Turistkyrkan, seier Ulla-Britt Carlsson.

STEINAR HYSTAD

Følgjer du sirkeltrappa ein runde opp frå gateplanet i travle Puerto Colon i Las Americas blir du møtt av fire kjende flagg over opne kyrkjedørar. Eit steg inn står smilande svenske damer bak disken som byr på ferske «bullar» og nytrekt kaffi kvar dag og vaflar om onsdagen.

Den Skandinaviska Turistkyrkan sør på Tenerife har nyleg kjøpt sine flotte og sers sentralt plasserte lokale. Vegg i vegg ligg ein restaurant og ein butikk — og det er nett som det skal vera. Frikyrkjerørslene legg vinn på at bodet skal vera lett tilgjengeleg der dei ferierande frå Norden ferdast.

Herrens hjelp

— Eg er sikker på at menigheten vart bønhøyrde då me fekk tak i dette huset til kyrkja vår. Han sjølv har garantert vore med oss i arbeidet, både med plassering og betaling. Lokala er heilt perfekte med god høgd under taket så hendene kan rettast opp i lovprising.

— Utsikta til himmel og hav og folkevrimmel storslått. Og takk vera milde gåver er me snart i hamn økonomisk, trass eit løft tett på tre millionar svenske kroner. Våre gjester og me som står for den daglege drift har all mogleg grunn til å vera nøgde, meiner Ulla-Britt og Rune Carlsson, songevangelistar frå Mönsterås i Sverige.

På den solrik kyrkjeterassen etasjen over horden av ruslande på promenaden, sit fire representantar for dei flittigaste brukarane av Skandinaviska Turiskyrkan i Las Americas. Pensjonistparet frå Senja kortar ventetida på våren med seks veker i sør, Drammen-paret satsar like godt på tre månaders vinter med dagtemperatur på vel 20 grader. Kvartetten fortel at dei set stor pris på treffpunktet og at dei ofte gjer seg nytte av tilboda om påfyll så vel i sjel som i kopp.

Nordmann å takka

— Det er nordmannen Matias Korsvold å takka at frikyrkjene har avdelingane her nede. Tidleg på 70-talet ferierte baptistpresten i Las Palmas på Gran Canaria og merka seg at det stundevis var mykje påfyll i glaset men lite i den andelege retning. I samtalar med skandinavar fekk han overtydande inntrykk av at mange ville prata alvor, sjølv om dei var på hyggjetur eller hadde søkt til varmen av helseomsyn.

— Frå ein sped start for 30 år sidan har den Skandinaviske Turistkyrkan dag fem sentre i Spania. I Fuengirola på fastlandet, i Las Palmas og Playa del Ingles på Gran Canaria, i Puerto de la Cruz og Las Americas på Tenerife, opplyser Ulla- Britt og Rune Carlsson.

2003/2004 er 11. sesongen deira som styrarar i Porto Colon.

Kyrkjekafeen er open for treff og samtale tysdag til laurdag frå 11 til 18, torsdag og laurdag kveld er det lovsongsamling og sundag er det gudstenester til vanleg tid, med påfølgjande kyrkjekaffi. Tilbodet vert gjeve frå midt i oktober til midt i april. 80.000 nordmenn besøkte Tenerife i fjor, ein bra stor kyrkjelyd berre det. For desse blir Skandinaviska Turiskyrkan, eller Svenska Kyrkan i Los Cristianos staden å spørja nytt frå det høge nord og møta menneske som trykkjer seg ut på kjende målføre. På Lanzarote og Gran Canaria har Sjømannsmisjonen/Den norske kyrkja i utlandet eigne stasjonar.

MANGE NORDMENN: - Me har gledeleg mange nordmenn på besøk, seier styrarparet på den Skandinaviske Turistkyrkan i Las Americas på Tenerife, Ulla-Britt og Rune Carlsson. <p/>FOTO: STEINAR HYSTAD