Om natta har Ingrid sin Nokia 3310 liggjande på nattbordet.

— I tilfelle nokon vil ha tak i meg, forklarar ho BT.

Kjærasten Lauritz, for eksempel. Iallfall er det Ingrid han sender flest tekstmeldingar til.

— Det hadde jo vore litt deilig utan mobil, også. Du blir så bunden. Men det er eit greitt hjelpemiddel når du skal ha tak i folk, legg han til.

Lauritz har hatt mobiltelefon sidan han var femten år. No har han ein Nokia 3330.

— Eg ser berre etter batterikapasitet, og er ikkje interessert i dilldall. Men litt tøff må telefonen vere.

Der er han på linje med kjærasten, som han delvis kan takke telefonen for.

— Vi vart halvvegs kjent via mobil.

UNG MED MOBIL: Mobiltelefonen er blitt ein sjølvsagt del av kvardagen til norske ungdommar, også kjærastane Lauritz Andersen og Ingrid Sandø. Sosiolog Kristine Håland (t.v) har skrive hovudfagsoppgåve ved Universitetet i Bergen om ungdom og mobilbruk. FOTO: KNUT EGIL WANG