VIDAR YSTAD

Oslo

Dette opplyser avdelingsdirektør Toril Foss, som er leiar for fellestenester i Patentstyret, til Bergens Tidende.

Det gjeld oppgjer då den reisande har fått utbetalt full diett samstundes som eitt eller fleire måltid på reise har vore betalt av arbeidsgjevar eller arrangør.

Klar parallell

Saka har klar relevans og er ein parallell til saka om tidlegare forsvarsminister Kristin Krohn Devold sine reiserekningar. Men i eksstatsråden sitt tilfelle gjeld det atskilleg større beløp.

Det er dei same reise— og diettreglane som gjeld for statsrådar som for andre tilsette i staten.

Hittil har både Krohn Devold og Forsvarsdepartementet avvist at det er aktuelt å gjere noko med Krohn Devold sine reiseoppgjer.

Kontrollen

Riksrevisjonen, som er Stortinget sitt kontrollorgan, avdekt under reknskapskontrollen i Patentstyret for 2004, at reiserekningane generelt inneheldt mangelfulle opplysningar om måltid som var dekt av arbeidsgjevar eller arrangør.

Riksrevisjonen konstaterte også at underlagsdokumentasjon viste at dei fleste måltida var dekt av arrangør, utan at det var gjort trekk i diett.

Riksrevisjonen kravde ei forklaring frå Patentstyret og kravde også svar på kva tiltak Patentstyret ville setje i verk for å betre internkontrollen av reiserekningar.

I svar til Riksrevisjonen lova Patentstyret bot og betring. Patentstyret varsla at det ville bli sett i verk fleire tiltak, med nye fullstendige skriftlege retningsliner.

Patentstyret lova også at alle feil og manglar ved reiserekningane ville bli korrigerte snarast.

Kravde tilbake

Toril Foss opplyser til Bergens Tidende at tiltaka som vart lova, for lengst er gjennomførde.

Ho stadfester også at det er gjennomførd tiltak som går ut på at dei som har fått for mykje utbetalt i diettpengar, har måtta betale tilbake.

— Det er ikkje store beløp, berre nokre hundre kroner. Men pengane er tilbakebetalt, seier Foss.

Både Foss og ekspedisjonssjef Mette Wikborg i Nærings- og handelsdepartementet opplyser til Bergens Tidende at Riksrevisjonen har sagt seg nøgd med dei tiltaka som er sette i verk.

Det innebar at Riksrevisjonen ikkje hadde nokon merknader til rekneskapen i Patentstyret då det avsluttande revisjonsvedtaket for 2004 vart gjort.

Dette er saka

Bergens Tidende avslørte for 14 dagar sidan at Kristin Krohn Devold, som forsvarsminister, hadde fått utbetalt diett og natt-tillegg på reiser i strid med statens reiseregulativ.

BT hadde gjennomgått alle reiserekningar statsråden hadde levert gjennom fire år.

BT hadde også gjennomgått reiserekningane til militærsekretæren, ein oberst, som fylgde henne på alle reisene. Desse rekningane avveik sterkt frå Krohn Devold sine rekningar.

Saka er nå teken opp av kontrollkomiteen på Stortinget.