VIDAR YSTAD

Korkje statsministeren eller andre av regjeringskollegaene stilte opp for å hjelpe den hardt pressa statsråden. Det er yttarst sjeldan at noko slikt skjer.

Eit mistillitsframlegg frå Frp vart til sist nedstemt mot 16 røyster, men statsråden måtte tole å få to såkalla daddelvedtak mot seg. Det er i seg sjølv eineståande. Daddel inneber sterk kritikk for klanderverdige handlingar.

Eineståande

Heilt uvanleg er det også at Stortinget behandlar Riksrevisjonen si gransking av årsrekneskapen for alle departementa utan at fleire av dei ansvarlege statsrådane møter i Stortinget.

Denne gongen var det fleire andre departement og statsrådar enn Forsvarsdepartementet og statsråd Krohn Devold som måtte tole hard kritikk.

Oppfatninga på Stortinget i går var at når forsvarsministeren vart overlaten til åleine å møte kritikken, verka det til ytterlegare å forsterke presset og kritikken mot Krohn Devold.

Reaksjonane frå opposisjonen, som utgjer ein solid majoritet på Stortinget, var då også sterkt kritiske mot Regjeringa.

— Tek ikkje på alvor

— Ein kan etter dette berre slå fast at Regjeringa ikkje tek Stortinget sine kontrollorgan og stortingskontrollen på alvor. Det var mange alvorlege saker og mykje kritikk mot fleire departement og ulike statsrådar, men det var berre ein som møtte. Dette er oppsiktsvekkjande, seier stortingsrepresentant Kjell Engebretsen (A) til Bergens Tidende. Han var saksordførar for saka som gjeld Riksrevisjonen sin kontroll av statsrekneskapen for 2003.

Både Frp-formann Carl I. Hagen og Ågot Valle frå SV, som til liks med Engebretsen er med i Kontrollkomiteen, er heilt samde med Engebretsen.

Det same gjev Sp sin parlamentariske leiar, Marit Arnstad, uttrykk for overfor Bergens Tidende.

- Svært overraskande

— Det er svært overraskande at korkje statsministeren eller nokon av dei andre statsrådane stilte opp. Kritikken i dokumenta rettar seg mot så viktige forhold som feil og manglar ved tildelingsbreva frå departementa og omfattande og alvorlege brot på tilbodsdokumenta. Tildelingsbreva er dei viktigaste styringsdokumenta for pengebruken i etatane under departementa, seier Arnstad. Ho var sjølv statsråd i Bondevik I-regjeringa.

Arnstad meiner det må ha verka sterkt for statsråd Krohn Devold å sitje i Stortinget åleine å ta imot all kritikken.

Kritikken hagla

For kritikken hagla over statsråden. Fleire representantar gav under den drygt tre timar lange debatten uttrykk for at dei ikkje har noka tiltru til at Krohn Devold er i stand til å få kontroll over økonomien i Forsvaret.

Det hjelpte lite at statsråden la seg tilsynelatande flat ved å seie seg lei for at 2003-rekneskapen ikkje vart godkjend og vedgå at ein hadde undervurdert problema med omorganisering og innføring av nytt rekneskapssystem.

Når ingen andre enn Steinar Bastesen frå Kystpartiet slo fylgje med Frp i mistillitsframlegget mot Krohn Devold, var argumentasjonen delt:

Dels vart det argumentert med at den saka som vart avgjerande for at Frp fremja mistillitsframlegg - utnemning av ny generalinspektør for Hæren - er ei sak som ikkje vedkjem Stortinget. Dels vart det argumentert med at milliardsprekken på forsvarsrekneskapen for 2004 ennå ikkje er ei sak som ligg i Stortinget. Endeleg vart det argumentert med at det bør vere statsministeren sitt ansvar å sparke ein statsråd som ikkje held mål.

SLAPP MED SKREKKEN: Forsvarsminister Kristin Krohn Devold fekk mistillitsframlegg mot seg, men det vart nedstemt. 16 røysta ja, 88 nei, medan heile 61 representantar var fråverande.<br/>FOTO: SCANPIX