I gårsdagens BT fortalde utbyggjar Ole Rakner at kjøparane i Svartediksveien 23 «kunne fratre salget da det var en stor runde om denne saka i avisene i høst. Men da hørte vi ingenting».

Det har provosert Håkon Velde Nordstrøm. Etter at BT gjorde kjent at byrådet ikkje ville godkjenne bygget 25. november i fjor, kravde Nordstrøm og sambuaren å få heve kjøpet. Det skjedde ikkje utan kamp.

— Det var ikkje fritt fram, slik han seier til BT. Vi måtte truge med å saksøkje han for det verditapet vi kom til lide fordi vi ikkje kunne selje vidare, eller få vite når vi kunne flytte inn, seier han.

  • Vi visste heller ikkje om sameige eller hans selskap ville sitje att med rekninga for eit eventuelt ombyggingspålegg frå kommunen. Han sa det var hans problem, men no seier han at han seld seg ut og ikkje har ansvar.

Truga med erstatningskrav

Nordstrøm og sambuaren fekk til slutt heve kjøpet. Ein omfattande korrespondanse med Rakner, som BT har fått tilgang til, viser at Rakner så seint som 2. desember framleis ikkje gjekk med på å heve kjøpet.

Først fem dagar seinare, etter juridisk velformulerte trugsmål om erstatningskrav frå Nordstrøm og sambuaren, gjekk Rakner med på å heve kontrakten.

Både Nordstrøm og sambuaren er advokatar. Dei meiner det var viktig for at dei til slutt vann fram.

— Vi er glade for at vi stod på slik vi gjorde og ikkje gav oss. Viss ikkje det hadde vore to advokatar som krangla med han, er eg ikkje sikker på at vi hadde fått gå frå kontrakten, seier Nordstrøm.

- Feil grunngjeving

Nordstrøm og sambuaren kravde kjøpet heva fordi overtakinga vart utsett, og fordi Rakner ikkje aksepterte deira krav om dagmult for forsenkinga.

Ole Rakner meiner derimot hans sitat i BT berre gjaldt dei som prøvde å heve kjøpet med grunnlag i at byrådet nekta å godkjenne bygget.

— Deira krav var ikkje grunngjeve i byrådet si innstilling. Vi fekk ei forsenking på grunn av ein konkurs hjå ein entreprenør i fjerde ledd. Dei hevda det gav rett på dagmult, men det aksepterte ikkje vi. Så vart vi samde til slutt, fordi det ikkje var noko problem å selje slike leilegheiter, seier Rakner.

— Så viss dei hadde grunngjeve kravet om heving i byrådsvedtaket, så hadde de akseptert det utan vidare?

— Det kan eg ikkje seie. Det måtte vi vurdert om den situasjonen kom opp, men den kom ikkje opp, seier han.