Seinast mandag kveld måtte paret saman med fleire andre nordmenn forlate bustadane sine på feriestaden Les Issambres i hui og hast. Også 17. juli måtte paret flykte frå flammane. Men mest dramatisk var det denne veka.

Flammar like ved

— Det var litt dramatisk da vi fikk fem minuttar på å forlate huset i Les Issambres mandag kveld. Vi køyrde nordover i retning Sainte-Maxime og Nice, og høyrte heile tida nye meldingar på radioen om korleis det brann nærast på alle kantar rundt oss, fortel Kristine.

— Etter litt såg vi flammane som stod tett ved kjørebana, og vegane var stengt både framfor og bak oss. Men takka være ein bonde som viste oss småvegar som gjekk langs jordene hans, kom vi oss etterkvart vidare og inn på motorvegen til Nice der vi tilbrakte natta på hotell.

Les Issambres ligg på kystlina mellom Saint-Tropez og Cannes, dit brannane spreidde seg frå innlandet. Tidlegare samme dag, før dei hadde aning om at brannane nærma seg, tok paret bilen ein tur litt innover i landet for å spise. Men politiet hadde allereie sperra vegen, og dei to måtte gjere vendereis. Berre for å oppdage at folk vart starta å evakuere i lange køar.

Reiste frå tinga

Den 40 minuttars bilturen tilbake til Les Issambres og ei ventande mor tok nærare tre timar denne dagen.

— Kysten sør for Les Issambres var røyklagt heilt til Saint-Tropez, fortel ho.

— Korleis opplevde de situasjonen?

— Det var veldig lite behageleg. Oska regna ned over bilen, men det var jo lite vi kunne gjere utanom å komme oss unna. Men særleg evakueringa frå Les Issambres mandag kjentes dramatisk. På radioen kom stadig nye meldingar om a det brann snart her, snart der. Og alle vegane som vart stengte. Men vi kunne jo ikkje bli hysteriske heller, vi tenkte berre på å komme oss unna, fortel Kristine Myklebust.

— Vi rakk ikkje å få med oss alle tinga våre. Eg veit at eitt norsk par vart igjen der, og dei måtte overnatte på stranda. Men husa vi hadde er visstnok ikkje skadde av brannen.

Onsdag var fleire av brannane under kontroll, men hundrevis av brannmenn i området heldt fram slokningsarbeidet utover natta. Det brant kraftig nær byen Draguignan, nokre mil nordvest for Les Issambres der der Kristine og sambuaren måtte flykte frå. 1.500 hektar skogområder er blitt øydelagt sidan tysdag, melder NTB.

Mislukka brannmann

Ein fransk kommunearbeider erkjente ifølgje Reuters onsdag å ha stifta fleire av skogbrannane, som har gjort enorme skader og kosta fire menneske livet på den franske rivieraen.

Den 29 år gamle Stephane Jousse skal i politiavhøyr ha erkjent at han tente på i alt sju plassar, som hemn for at han vart avvist som frivillig brannmann.

Jousse ble pågripen nær Nice med en lighter i hånda. Forbipasserande fann framtoningen såpass underleg at dei varsla politiet. Han skal ha stifta fem brannar i Draguignan-området, ein utanfor heimlandsbyen Figanieres, ein i La Motte og to i Callas.

Ifølgje politiet tilsto Jousse også å ha stått bak to skogbrannar i området for eitt år sidan. Blir han kjent skuldig i mordbrann, risikerer han opptil 30 års fengsel. Dei omfattande brannane i Sør-Frankrike starta førre helg, etter ein unormalt varm og tørr sommar i store deler av sørlege og sentrale Europa.

Frankrike har sett seg nøydd til å be om hjelp frå utlandet, blant anna fra Norge, som har stillt eit helikopter til rådvelde. Italienske brannmannskap er også på plass, og franske styresmakter har leigd inn fem russiske fly til sløkkinga, melder NTB.

Meir enn 30.000 hektar skog i det sørøstlige Frankrike og på Korsika er herja av brann siden starten på sommaren, noko som er dei mest omfattande brannskadene i regionen på 25 år.

<b>MÅTTE EVAKUERE RASKT: </b>Kristine Myklebust (bildet) og sambuaren Thorvald Christensen måtte denne veka forlate feriehuset i Les Issambres i alle hast og evakuere til hotellrom i Nice. Dei kom seg med nød og neppe gjennom området der alle større vegar var stengte. <br/> FOTO: EIRIK BREKKE
EIRIK BREKKE