— Ingen ting er avgjort, sa fiskebåtreiar Inge Halstensen til Bergens Tidende i går kveld. Austevollingen representerer Norges Fiskebåtforbund som vil forlata Norges Fiskarlag dersom årsmøtet ikkje følgjer opp Ressursfordelingsutvalgets framlegg til kvotefordeling i fiskeria dei neste seks åra.

Blir tungt

— I utvalet følte vi at vi tok ut alt for å finna fram til eit kompromiss. Det blir tungt å gå laus ein gong til for å finna eit nytt kompromiss, seier Halstensen.

Inge Halstensen minner om at Norges Fiskebåtforbund for første gong no har førebudd ei anna organisasjonstilknyting – samtalar med Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) – dersom den havgåande flåten må fira ytterlegare på kvotane sine.

Innleiar etter innleiar stod opp på talarstolen og åtvara mot kløyving av 75-årsjubilant Norges Fiskarlag; fiskeriminister Otto Gregussen, avtroppande fiskarlagsformann Oddmund Bye, forskar Pål Christensen og politikar og kommunikasjonsrådgjevar Rune Gerhardsen.

Arena for borgarkrig

— Eg har før sett organisasjonar frivillig svekka maktposisjonen sin. Det var ikkje noko vakkert syn, sa Gerhardsen. Som meiner fiskarlaget slit med eit landbrukssyndrom, og siktar til at opinionen framleis oppfattar fiskerinæringa som subsidieavhengig og uklar.

— De må dessutan slutta å sjå ut som ein arena for borgarkrig, sa Gerhardsen. Han oppfordra fiskarlaget til å framstilla fiskeri som ei tøffare og meir optimistisk næring, og til å leva ærleg og ope med motsetnadane sine.

TRUR PÅ SAMLING: Einar Hepsø (t.h.) hilser på fiskarlagets ledelse, Oddmund Bye (t.v.) og Knut Werner Hanssen, og forventer at det blir samling fremfor splittelse. FOTO: STEINAR FUGELSØY