Det meiner generalsekretæren i Norsk Redaktørforening, Nils E. Øy, etter å ha studert meldinga.

Utan heimel

Meldinga skal innehalde ein samla oversikt over alle søkjarar og utnemningar i offentlege stillingar i perioden 1. juli 2000-30. juni 2001.

Men i meldinga har regjeringa i mange tilfelle unnlate å føre søkjarar opp på søkjarlistene. Søkjarlistene er dermed ikkje komplette. Dette har skjedd utan at ein har hatt heimel for det.

Med verknad frå 1. april i år innførde Stortinget ei tilstramming i lovverket som gav søkjarar til mange stillingar rett til å reservere seg mot å stå på ei offentleg søkjarliste.

Etter det blir det berre gjeve opplysningar om dei som ikkje har reservert seg. I tillegg blir det opplyst kor mange søkjarar av kvart kjønn som har meldt seg, ut over namnelista. Dette inneber «innskrenka innsyn».

«Innskrenka innsyn»

Men i meldinga har ein praktisert innskrenka innsyn for heile perioden. Også utnemningar som skjedde i januar i fjor er omfatta av innskrenka innsyn.

Det gjeld til dømes stillinga som departementsråd i Administrasjonsdepartementet. Det er dette departementet som har hatt ansvar for å sy saman og fremje stortingsmeldinga.

Nå får BT opplyst at «redigeringa» av søkjarlistene er gjort i og av Administrasjonsdepartementet. Avgjerda om denne praksisen er teken i samråd mellom statsministerens kontor og Administrasjonsdepartementet, etter regjeringsskiftet, opplyser underdirektør Ellen Koren Dahl i Administrasjonsdepartementet.

Dette blir avvist ved statsministerens kontor. Statssekretær Gunnar Kvassheim, seier at dette må vere ei mistyding.

— Sterkt kritikkverdig

— Det er utruleg og sterkt kritikkverdig at regjeringa ikkje greier å halde orden på dei listene som skulle vere offentlege og dei som er delvis offentlege. Det illustrerer problemet med det regelverket vi nå har, seier generalsekretær i Norsk Redaktørforening Nils E. Øy.

Øy meiner at det ikkje vil bli enklare å etterleve regelverket når ein skal forhalde seg til dei tolkingane som kjem gjennom behandling av klagesaker til Sivilombodsmannen.

— Vi får berre vone at Stortinget etter kvart vil innsjå at det kan bli naudsynt å vende tilbake til den opphavlege lova, seier Øy.

Medhald og kritikk

Ombodsmannen har nyleg til dømes gjeve ein klagar medhald i at det burde vore gjeve innsyn i søkjarlista på stilling som rådmann i Nore og Uvdal.

Ombodsmannen har også retta kritikk mot statsministerens kontor for at Stoltenberg-regjeringa nekta Bergens Tidende innsyn i søkjarlista på stillinga som departementsråd.

Ombodsmannen vil nå vurdere den siste saka på ny i lys av nye opplysningar og endra kurs ved statsministerens kontor.

Nils Øy seier om dette:

— Det er positivt at statsministerens kontor nå har endra praksis og slege fast at søkjarar på stilling som assisterande regjeringsråd (departementsråd) ikkje kan reservere seg mot å stå på ei offentleg søkjarliste.