— Mellom sju og åtte tusen søknader kom inn i løpet av siste månaden før fristen gjekk ut ved årsskiftet, opplyser konsulent Hildegunn Sandhalla i Innsynsutvalet til Bergens Tidende.

Tre personar arbeider no heiltid med å registrera søknadene og senda ut brev til søkjarane om at søknaden er motteken.

Sandhalla er temmeleg sikker på at alle søkarane vil ha fått dette brevet innan utgangen av mars månad.

Men det kan ta opp til tre år før Innsynsutvalet har funne fram mappene og Hovudutvalet har gått gjennom dei og avgjort om innsyn kan gjevast.

— Vi har ingen mapper her hjå oss, og må reisa rundt i landet, frå Kirkenes til Kristiansand, og gjera arkivsøk hjå dei einskilde politieiningane, opplyser Sandhalla til Bergens Tidende.

Dei som sende søknad om innsyn før 1. desember i fjor, kan rekna med halvtanna til to års sakshandsamingstid.

Innsynsnemnda har sju personar i arbeid, men vonar å kunne auka staben til ti medarbeidarar i løpet av våren.