Ei gruppe på 25 engelskmenn gjekk på «Midnatsol» i Tromsø for å oppleve nordlyset. I staden fekk dei ei dramatisk natt på Stadhavet, ei oppleving dei sikkert vil hugse betre enn nordlyset.

Det britiske reisefølgjet skulle nå eit fly på Flesland i går ettermiddag, og vart henta med buss etter at «Midnatsol» kom til kai i Florø.

Melvin Supple var djupt imponert over mannskapet på hurtigruteskipet. — Dette var min første tur langs norskekysten. Med eit slikt mannskap kjem eg gjerne tilbake. Dette blir ikkje min siste tur med hurtigruta, sa Supple.

Fleire andre passasjerar BT snakka med i går kunne ikkje få fullrost mannskapet på «Midnatsol» for innsatsen under dramaet.

— Dei var rolege og ga oss topp informasjon heile vegen. Derfor blei vi aldri redde, fortel ekteparet Francis og Ian Thorpe frå Manchester.

Terrence og Audrey Daley frå Surrey i London låg og sov på lugaren då alarmen gjekk.

— Vi kom oss opp på øvste dekk, der folk var i ferd med å gå i livbåtane. Alle gjorde som dei fekk beskjed om, og det var ikkje antydning til panikk, fortel Terrence Daley til BT.

— Kunne de tenkt dykk ein ny tur?

— Sjølvsagt! Vi skal tilbake på Hurtigruta. Vi fekk jo ikkje sett nordlyset på denne turen, smiler Daley.

— Vi var utruleg redde, seier passasjer Dagfinn Haukås, som til liks med mange andre roser mannskapet på «Midnatsol».

— Mannskapet var svært flinke og profesjonelle, frå kaptein og ned til minste, menige mann. Vi fekk løpande og god informasjon heile vegen. Alle var beherska og profesjonelle, seier Haukås til BT.

ROS TIL MANNSKAPET: Britiske Melvin Supple hadde ei stor oppleving på Stadhavet. - Dette blir ikkje min siste tur langs norskekysten, sa engelskmannen.<p/>FOTO: EGIL AADRDAL