— Nokre få har registrert skredfarlege område. Men i dei aller fleste kommunar er situasjonen at slik kartlegging manglar, seier NGU-forskar Lars Harald Blikra.

Forskarane meiner meir kartlegging, sikrare kunnskap, auka overvaking og betre beredskap kan redusere skadene frå store naturkatastrofar.

— Men skal vi betre beredskapen er grundig kartlegging heilt avgjerande, seier Blikra.

I samband med etablering av store utbyggingar, eksempelvis byggjefelt, blir utbyggingsområda i regelen granska. I alle fall om det er mistanke om rasfare. Men dette blir ei bit for bit-kartlegging. Det store oversynet manglar.

— Har kommunane vore for slappe på dette området?

— Det er ikkje så enkelt for dei heller. Kommunane er pressa økonomisk. Dei treng hjelp til å handtere slike saker. Både fylka og staten har eit ansvar for at dette blir gjort.