TERJE ULVEDAL

Kvalheim Kraft AS, som eig og driv vindmølleparken langs ryggen av fjellet Mehuken, vil bruke 130 millionar kroner på å utvide produksjonen frå 13 til 60 GWh. I alt skal det byggjast mellom fem og åtte nye vindmøller. Høgda på møllene skal vere frå 60 til 80 meter, og diameteren på rotorane frå 76 til 90 meter. Byggjetida er rekna til eitt år.

Dersom utbyggingsplanane går gjennom, blir Mehuken ein av dei største produsentane av vindkraft i landet. Berre vindparkane på Smøla, Hitra og Havøygavlen i Finnmark kan skilte med større produksjon.

Forholda for produksjon av vindkraft er svært gode på Mehuken. Vindmøllene ligg i eit område frå 325 til 420 meter over havet, og det er relativt lang avstand til næraste busetnad. I tillegg var det både veg og kraftleidning gjennom området frå før. Den planlagt utvidinga no fører til at linja må rustast opp. Dette kan gjerast ved å forsterke eksisterande kraftlinjer, eller gjennom bygging av ei heilt ny linje.

Det er selskapet Vardar AS og Østfold Energi Produksjon AS som eig Kvalheim kraft. Vardar er eit holdingselskap eigd av Buskerud fylkeskommune. Dei to overtok Kvalheim Kraft i 2001, same året som vindmølleparken blei sett i drift med fem vindmøller. Dei fem som står der i dag, er langt mindre enn dei nye som kraftselskapet planlegg å byggje.

Kvalheim Kraft har sendt melding til Norges vassdrags— og energidirektorat om utvidingsplanane. Sjølve konsesjonssøknaden er førebels ikkje klar.