Vel 160 personar vart sikta under den landsomfattande «Aksjon Pendulum». 56 av dei sikta var heimehøyrande i Oslo statsadvokatdistrikt. Av dei 40 sakene som hittil er ferdig etterforska, er 10 lagt vekk. 10-15 saker er ennå ikkje oversendt frå politiet til statsadvokaten.

Dette opplyser statsadvokat Kim Ellertsen til Bergens Tidende.

Bevisproblem

Bakgrunnen for at så mange saker blir lagt vekk, er at politiet har vanskar med å prove at dei sikta aktivt har lagra barneporno.

Sakene gjeld personar som har «kjøpt» barneporno via internett og med bruk av kredittkort. Før 11. august 2000 var det ikkje straffbart å skaffe seg barneporno. Derimot var det straffbart å oppbevare/lagre barneporno.

Ein stor del av etterretningsmaterialet som låg til grunn for politirassiaen, stamma frå tida før 11. august 2000. Det var difor ikkje tilstrekkeleg for politiet å prove at den sikta hadde betalt for og skaffa seg barneporno tidlegare. Politiet måtte også finne prov for aktiv lagring.

Det er desse problema som har førd til at mange saker er lagde vekk.

— Vi kan ikkje føre prov for oppbevaring, eller «besittelse», seier Ellertsen.

Stor variasjon

Reaksjonane i dei sakene som er avgjort, varierer sterkt. Nokre saker er avgjort med førelegg (bøter) på frå 7500 kroner og oppover. Det er dei enklaste og minst alvorlege. Andre har fått dom i forhøyrsretten etter at den sikta har tilstått.

— I fleire av sakene ville det ikkje blitt noko sak utan vedkjenning frå den sikta. Politiet ville ikkje kunne føre prov for straffbare forhold. Dette er det lagd vekt på ved avgjerd av påtalespørsmålet, seier Ellertsen. Han legg til at det sjølvsagt også blir påstått inndraging av datautstyret som har vore nytta til å skaffe seg barneporno via internett.

Straffenivået

Ifylgje Ellertsen er det lite rettspraksis å halde seg til som kan fortelje kvar straffenivået i dag skal ligge. Barnepornoparagrafen i straffelova har ei strafferamme på to års fengsel.

Ellertsen har merka seg dommen frå Midhordland tingrett mot ein 36-åring frå Sotra. I førre veke vart han dømd til 10 månaders fengsel for å ha oppbevart 18.500 barnepornografiske bilete. Halve dommen vart gjort betinga.

— Denne reaksjonen stemmer godt overeins med våre vurderingar av kvar straffenivået bør ligge for eit såpass omfattande materiale, seier Ellertsen.