Tidlegare rekna forskarane med at så mange som 4-5 prosent av alle barn har ADHD, skriv nettavisa På Høyden. No viser resultat frå undersøkinga «Barn i Bergen», at det korrekte talet er langt lågare. Under to prosent har problem med ADHD. Til samanlikning har over tre prosent av alle barn problem med angst. Nesten like mange slit med åtferdsvanskar.

— Styresmakter og fagfolk bør har større merksemd på andre problem enn berre ADHD, seier Einar Heiervang, overlege ved Haukeland sjukehus og forskar ved Regionsenter for barn og unges helse.

Angst vert ikkje fanga opp

Undersøkinga «Barn i Bergen» tek for seg den mentale helsa til over ni tusen barn i alderen 8-10 år.

— Undersøkinga er unik ettersom talgrunnlaget gjev eit nøyaktig anslag over folk som har problem, seier Heiervang.

Resultatet som viser at to prosent av barna har ADHD, vert støtta av funn frå britiske og amerikanske undersøkingar.

Heiervang meiner resultatet viser at barn med ADHD er ei gruppe som no er godt fanga opp. Då står det langt verre til for barn med angst. Undersøkinga viser nemleg at behandlingstilbodet er skeivt fordelt. Syttifem prosent av barn med ADHD og førti prosent av dei med åtferdsvanskar får oppfølging frå hjelpeapparatet. Til samanlikning får berre tretten prosent av barn med angstproblem hjelp. Dette trass i at det er fleire som slit med angst enn med ADHD og åtferdsvanskar.

Heiervang trur ein av årsakene til at ADHD har fått mykje merksemd dei seinare åra, er at dette er noko som også plagar omgjevnadene. ADHD-barn er ofte urolege sett i høve til dei typisk stille og tilbaketrekte barna som slit med angst.

Bør ta redde barn på alvor

— Tidlegare har ein trudd at barn med angst veks det av seg. Det gjer dei ikkje. Dei får ofte andre problem i vaksen alder, seier Heiervang og legg til;

— Psykisk behandling er effektiv, men utdanninga av behandlarar har vore for dårleg. Hjelpeapparatet manglar kompetanse. Når barn er engstelege, uvanleg redde, stille og bekymra skal ein ta signala på alvor. Det gjer ikkje mange foreldre og lærarar i dag.

Enkle og effektive metodar

Dette er ifølgje Heiervang signal ein bør vere merksam på;

  • barnet er forsiktig, stille, tilbaketrekt, redd for nye situasjonar.
  • barnet er perfeksjonist og redd for å gjere feil.
  • barnet brukar mykje krefter på å bekymre seg over eigen eller andre si helse eller framtid.
  • barnet vegrar seg for å gå på skulen eller i bursdagsbesøk, tør ikkje snakke i klassen eller oppsøkje andre barn.

— Alle barn kan vere redde, men dersom redsla gjer at ein vert hemma og ikkje greier å fungere, bør ein oppsøkje hjelp, seier Heiervang.

Det finst effektive behandlingsprogram i form av kognitiv åtferdsterapi. Mange av øvingane er enkle og kan bli gjennomført på skulen utan at ein treng hjelp frå psykiatrien.

— Dette er effektive program. Resultatet blir friare og gladare barn, seier Einar Heiervang.