VIDAR YSTADOslo

Kværner-sjef Kjell Almskog (biletet) sa rett ut i går at han reknar med at aksjonærar og analytikarar er så skarpsindige at dei innser at Røkke sitt opplegg og kalkylar ikkje er haldbare.

Doserte i tre timar I tre timar doserte Almskog og hans næraste for eit stappfullt auditorium på Aker Brygge.

Her var aksjonærar, analytikarar og journalistar, over 220 i talet, trengt saman.Samstundes med at Almskog & Co doserte i Oslo, doserte konserntillitsmennene i Kværner overfor EU sine konkurransestyresmakter i Brussel. Føremålet her er å få hjelp til å stoppe Røkke.

Almskog & Co presenterte reknskapstal for 1. kvartal "som viser at vi er på rett veg". Resultatet er litt meir positivt 1. kvartal i år i høve til same periode i fjor. Og dei gjennomgjekk omstillinga som konsernet har vore gjennom og planane framover. Han poengterte at konsernet for to år sidan kjempa for livet, men nå ser framtida trygt i møte med ny og meir fokusert strategi.

"Godt val!" Då han var ferdig, sa Almskog, til ein av dei som stilte spørsmål, at han tvilte på at han ville lykkast med å overtyde spørjaren gjennom nye utlegningar, om han ikkje alt var overtydd.

Almskog avslutta med "som ein seier på slutten av ein valkamp: Godt val!".Almskog understreka sterkt at administrasjonen og styret i Kværner fullt ut respekterer aksjonærane sin rett til sjølv å velje og avgjere vegen vidare.

Men alle premissane gjekk ut på å mane aksjonærane til å slutte opp om den kursen leiinga i selskapet har staka ut, og forkaste Røkke sitt opplegg. Og ha gjorde det klart at framlegget frå Røkke/Aker ikkje fremjar den strategien Kværner-leiinga har lagt opp.

På deffensiven? Observatørar som var på møtet, gjev overfor Bergens Tidende uttrykk for at møtet i seg sjølv gjev inntrykk av ei Kværner-leiing som er på deffensiven.Berre det at dei har funne grunn til å innkalle til eit slikt informasjonsmøte 10 dagar før generalforsamlinga i selskapet seier sitt. Og innhaldet i møtet som klart gjekk ut på å forklare og overtyde aksjonærar, styrkar denne forståinga.