«Vel det sikre nå, framfor det uvisse» var bodskapen hans. Det inneber at Stoltenberg vil ha LO i ryggen i forhandlingar med regjeringspartia om ein pensjonsavtale i vår, framfor å satse på eit betre resultat etter ein mogeleg valsiger til hausten.

Fire krav

— Det er ikkje heilt sikkert at vi vinn valet. Dersom det ikkje blir eit nytt fleirtal etter valet, har vi mindre styring med pensjonssaka enn vi kan få nå, sa Stoltenberg.

Stoltenberg argumenterer også for at det er betre å binde dagens regjeringsparti til ein avtale dei står bak, enn å risikere at dei vil gå til åtak på eit resultat ved første høve.

Stoltenberg fekk mykje skryt for talen sin, både når det galdt innhald og framføring. Både folk som er usamde med han i pensjonssaka og mange uavhengige kommentatorar let vel.

Etterpå gav han uttrykk for at han vonar Kongressen sluttar seg til hovudlinene i det LO-sekretariatet har gjort framlegg om. Det fylger hovudprinsippa i det samrøystes vedtaket frå Ap-landsmøtet.

Det er: styrke og gjere folketrygda meir rettferdig, sikre alle tenestepensjon, sikre tenestepensjonane i offentleg sektor, og sikre avtalen om avtalefesta pensjon.

Kva kan Ap forhandle om?

SV-leiar Kristin Halvorsen var også i salen under Stoltenberg sin tale. Ho hadde denne reaksjonen overfor Bergens Tidende:

— Det var ein bra tale. Han stilte fire ultimative krav som måtte oppfyllast i forhandlingar med regjeringspartia. Det er etter det vanskeleg å sjå kva Ap kan forhandle om med regjeringspartia.

— Eg er mest spent på kva som kjem frå regjeringspartia og ikkje minst korleis Per-Kristian Foss vil reagere. Dersom det ikkje blir semje i desse forhandlingane, vil det bli valkampsak av dette, seier Halvorsen. Ho nemnde sjølv ikkje pensjonssaka med eitt ord då ho tala til Kongressen, måndag.

Sjølv seier Stoltenberg at Ap i forhandlingane med regjeringspartia, som nå pågår, er villig til å sjå på utforming, men at hovudelementa må vere på plass.

Liten effekt

To av frontfigurane for opposisjonen mot fleirtalsinnstillinga frå sekretariatet - forbundsleiarane Per Østvold og Hans Felix - seier til Bergens Tidende at dei tvilar på at Stoltenberg sin tale var eigna til å endre innstillinga mellom kongressdeltakarane.

— Eg trur talen vil ha avgrensa effekt. Det har vore så mykje diskusjon mellom delegatane og i delegasjonane, at det nok skal meir til. Men den verka kanskje til å oppeldne dei som var samd med han frå før, seier Østvold.

— Talen var klar og fin. Eg har nå høyrt han tale i vår, først på landsmøtet i Grafisk, så på landsmøtet i Ap og nå her på Kongressen. Det har vore ein klar stigning, seier Hans Felix, forbundsleiar i El- og IT-forbundet, til Bergens Tidende.

Kompromiss?

— Han var også klar når det gjeld pensjonssaka. Han kan nok ha «rappa» nokre røyster, men avgjerande er det neppe. Det bør nok skje noko i redaksjonskomiteen for å få til eit kompromiss, elles kan det bli eit sterkt splitta resultat, seier Felix. Han er sjølv medlem av redaksjonskomiteen som behandlar pensjonssaka.

Per Østvold, leiar i Transporarbeiderforbundet, vil ikkje spå om utfallet i pensjonsstriden:

— Eg har aldri trudd på at det ville vere råd å røyste ned fleirtalsinnstillinga frå sekretariatet.

— Kva med eit kompromiss?

— Då må dei gi ein god del til oss. Det har hittil ikkje kome nokon signal i den retninga. Dei satsar vel i tilfelle på å pakke det inn gjennom formuleringar utan reelt innhald, seier Østvold.

FEKK SKRYT: Ap-leiar Jens Stoltenberg fekk mykje skryt for sin tale om pensjonsspørsmålet på LO-kongressen i går.<p/> FOTO: SCANPIX