— Uansett kor langt de i utgangspunktet står frå kvarandre i forhold til kva de meiner er den rette ressursfordelinga, trur eg det er viktig at de prøver å finna ei løysing som gjer at Norges Fiskarlag held saman som organisasjon, sa fiskeriministeren i helsingstalen til 75-årsjubilerande Norges Fiskarlag.

I ei tid med god inntening på makrell- og sildefiske er det internt i Fiskarlaget ein intens dragkamp om kvotar nettopp på desse fiskeslaga. Dersom ikkje lagets Ressursfordelingsutvalg si kompromissinnstilling blir vedteken på årsmøtet i Trondheim, trugar havflåten – med ringnotreiarane på Austevoll i brodden – med å forlata Fiskarlaget.

Norske fiskarar sin fremste medlemsorganisasjon har frå før opplevd ei dramatisk avskalling i medlemsmassen. Laget har rundt 5000 betalande medlemmer i dag, ein nidel av topptalet frå etterskrigstida. Med Fiskebåtredernes Forbund ute av Fiskarlaget, blir kontingentinntektene meir enn halvert.

— Det er sterkt beklageleg at nokre melder seg ut av organisasjonen i protest mot enkeltvedtak. Sett alle dei oppgåver vi fiskarar står overfor, er dette etter mi meining ein både uklok og korttenkt taktikk. I tillegg er det svært lite lojalt å overlata til andre å bruka krefter i organisasjonsarbeidet, mens ein sjølv står på utsida og haustar resultatat inntil det på ny dukkar opp ei sak der ein kanskje finn det mest fordelaktig å ha organisasjonen i ryggen, sa avtroppande fiskarlagsformann Oddmund Bye.