Organisasjonen vart like før jul dømd til å betale tilbake 2.888.072 kroner til Barne— og familiedepartementet for å ha juksa med medlemstalet i åra 1998-2001.

Organisasjonen fekk også ei føretaksstraff på 100.000 kroner.

Norsk Målungdom har nå bestemt seg for å godta dommen og gjere opp for seg. Samstundes uttalar styret i Norsk Målungdom at ein tek avstand frå medlemsjuks.

Dei seks tidlegare tillitsvalde, som også vart dømde i saka - og som alle er studentar - har bestemt seg for å anke over straffeutmålinga. Dei vart dømde til fengselsstraffer på fire til seks månadar og sakskostnader på 1500-3000 kroner kvar.

Styret i Norsk Målungdom vonar å få til ein avtale om tilbakebetaling av beløpet på 2,9 millionar til Barne- og familiedepartementet slik at ein kan halde drifta gåande.

Ifylgje Unn Catodotter Fyllingsnes, som er fungerande leiar i Norsk Målungdom, oppfyller laget nå kravet til å få statsstøtte. Det inneber at laget har meir enn 1000 betalande medlemer under 26 år. Det hadde ein også i 2002.

Ho seier at laget har ordna opp og har laga gode rutinar for registrering av medlemer.

Ekspedisjonssjef Haktor Helland i Barne- og familiedepartementet, seier til Bergens Tidende at saka ikkje har vore drøfta i departementet etter at dommen vart avsagd i Oslo tingrett.

— Men det er ingenting i vegen for at det blir inngått ein avtale om tilbakebetaling. Slike avtalar har vi hatt tidlegare med andre organisasjonar som har vore i same situasjon, seier Helland.

— Dersom Norsk Målungdom i dag tilfredsstiller krava for å kunne få støtte, er det heller ingenting i vegen for at dei nå vil kunne få støtte igjen, seier Helland.