-Studentane kjem til lærarutdanninga med for lite kunnskap om nynorsk, og utdanninga har til no ikkje greidd å møta dette problemet, seier leiar i Noregs Mållag, Oddmund Hoel.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at respekten for norskfaget må atterreisast, og at lærarutdanninga må sikra at studentane meistrar norsk språk, både bokmål og nynorsk.

NTB