— Dei tiltalte har i hovudsak vedgått dei faktiske forholda, men nektar straffeskuld. Dei er også litt usamde når det gjeld beløpa, seier førstestatsadvokat Arnt Angell i Økokrim til Bergens Tidende.

Målpolitisk strid

Avsløringa av medlemsjukset er eit kapittel for seg. Den har klare overtonar av intern målpolitisk strid i Målungdommen.

Under etterforskinga har det kome for ein dag at eit tidlegare sentralstyremedlem i NMU saman med ein alliert, urettmessig, om natta har teke med seg harddisken på ein datamaskin og papirkopiar frå lokala til NMU.

Begge har hatt og har eit sterkt engasjement i den såkalla «høgnorsk-lina» i målrørsla som ønskjer eit nynorsk på line med Ivar Aasen-normalen. Opplysningar BT har fått, meir enn indikerer at det er striden om slike spørsmål som har verka motiverande for dei som har utlevert målungdomen.

Materialet skal dels vere overlate til politiet, dels til TV2.

— Truleg er det snakk om tjuveri, seier advokat Harald Stabell, til BT. Han er forsvarar for dei seks tiltala og for NMU.

— Dette fritek sjølvsagt ikkje organisasjonen for det som har skjedd. Difor har ein ikkje ynskja å fokusere på dette. Men det kan tenkast at organisasjonen vil melde forholdet til politiet, seier Stabell, som stadfester at ein strid om målkursen er eit element i saka.

«Arva system»

Dei tiltalte argumenterer med at dei har «arva» eit innarbeidd system og at organisasjonen (NMU) ville ha gått over ende om dei ikkje hadde halde fram med å skaffe seg statsstøtte på denne måten. Opplysningar BT har fått tyder på at verksemda har pågått sidan først på 1980-talet.

Forutan tiltalen mot dei seks, har organisasjonen også fått ei bot på 400.000 kroner.

Angell opplyser at NMU urettmessig har fått utbetalt tilsaman 3,3 millionar kroner i åra 1998-2001. Det var eit minstekrav for å få støtte at organisasjonen hadde 1200 medlemer. Men ifølgje Angel hadde organisasjonen 400-500 færre medlemer kvart av desse åra.

Tiltalen

Tiltalen går ut på at dei seks tillitsvalde har gjeve falsk forklaring til offentleg styresmakt med ei strafferamme på inntil to års fengsel. Dei er såleis ikkje tiltalt for bedrageri som har ei strafferamme på inntil seks års fengsel.

Dette er i tråd med den påtalemessige avgjerda som statsadvokaten i Oslo i si tid la til grunn i ei liknande sak, før saka mot AUF.

AUF-arane i Oslo som vart tiltalt for bedrageri, enda opp med 5-7 månader fengsel. Her var beløpa noko mindre enn i NMU-saka, men forholda var meir alvorleg med høgare strafferamme.

Synspunktet til påtalemakta er at staten ikkje er utsett for bedrageri og lide tap sidan beløpa har gått frå ein pott som har vore avsett til fordeling mellom fleire ungdomsorganisasjonar. Dei som i tilfelle har lide tap, er dei andre organisasjonane som kunne ha fått meir støtte om ikkje NMU urettmessig hadde fått tilskot.

Det er førebels ikkje sett fram krav om at NMU må betale tilbake dei beløpa organisasjonen urettmessig har fått utbetalt, men skulle det kome, noko som er pårekneleg, blir det kroken for døra, ifølgje advokat Stabell.

Den nyvalde leiaren i NMU, Fredrik Gustavsen, seier til Bergens Tidende at organisasjonen vil kome i ei svært vanskeleg stilling om ein blir dømd til å betale ei bot på 400.000 kroner.