Redaksjonskomiteen på 14 personar blir leia av LO-nestleiar Roar Flåthen, Fire av dei andre medlemene er også medlemer av LO-sekretariatet. Ein av desse, Hans O. Felix, er den einaste av komitemedlemene som heilt klart står på mindretalsinnstillinga frå LO-sekretariatet. I LO-sekretariatet var det tre som røysta mot fleirtalsinnstillinga.

Strid om kutt

Striden står om kutt i framtidige ytingar frå Folketrygda. Fleirtalet går inn for kutt som både gjeld prosentvis reduksjon og opning for å auke oppteningstida for å oppnå full pensjon i takt med auka gjennomsnittleg levealder. Det betyr at ein må stå i arbeid lengre for å få full pensjon. Men LO vil ikkje gå så langt som Regjeringa.

Somme spår at så mange som opp mot 100 av dei i alt 333 delegatane med røysterett, kan tenkjast å gå imot fleirtalsinnstillinga slik den nå ligg føre.

Per Østvold, leiar i Transportarbeiderforbundet, som har vore talsmann for mindretalet i sekretariatet, gjev uttrykk for at eit slikt resultat, må reknast som ein halv siger.

Åleine i opposisjon

Hans O. Felix, som er leiar i El og IT-forbundet, seier til Bergens Tidende at han ikkje har gjeve opp vona om å kunne bevege resten av redaksjonskomiteen og dermed Kongressen i «sin» retning. Det gjeld sjølv om han truleg står heilt åleine i redaksjonskomiteen.

Tilhengarar av sekretariatet si line argumenterer også med at dei ottast at Regjeringa med støtte av Frp skal køyre igjennom ein pensjonsreform som er dårlegare enn det ein vil kunne oppnå ved eit samarbeid mellom Ap/LO og regjeringspartia. Difor ynskjer ein eit kompromiss. Kor rell ein slik otte er, er eit anna spørsmål.

Ein veteran som tidlegare leiar i Norsk Jernbaneforbund, Ove Dalsheim, seier til Bergens Tidende at han nok hadde fylgd fleirtalet i sekratariatet, slik etterfylgjaren hans har gjort. Men han legg til at det er sterkt delte meiningar mellom forbundet sine representantar.