Vidar Ystad

Saka vart lagt vekk av riksadvokaten som «intet straffbart forhold» i desember i fjor. Nå vil den 51-årige kvinna ha Medhaug dømd til å betale oppreising og erstatning for «grovt uaktsom psykisk skadepåføring».

For å underbygge påstandane i saka køyrer saksøkar fram kultur— og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland som vitne mot Medhaug.

Venta til siste slutt

Saka gjeld handlingar som skal ha skjedd i 1993. Saka vart meld til politiet i desember 2002 med det uttrykte siktemålet å hindre at Medhaug vart renominert som listetopp for KrF ved fylkestingsvalet i Rogaland.

Eitt år etter at partane møttest i forliksrådet, har kvinna, gjennom advokaten sin John Christian Elden, teke ut stemning mot Medhaug ved Karmsund tingrett. Det betyr at ho har venta til siste frist for å ta ut stemninga, som er datert 1. november. Møtet i forliksrådet var 7. november i fjor, og søksmålsfristen er eitt år.

Advokat Elden opplyser at det viktigaste for kvinna er å få fastslege ansvar. Og han viser til at beviskrava i ei sivil sak er lågare enn i ei straffesak.

Ho krev nå både erstatning og oppreising for såkalla ikkje-økonomisk skade - tort og svie - som ho hevdar saka har påførd henne

- Vendetta

— Eg ser denne stemninga nærmast som ein vendetta frå kvinna. Ho freistar på alle mogeleg måtar å ramme Jan Birger Medhaug, seier Bjørn O. Vikse til Bergens Tidende. Han har vore Medhaug sin advokat heile vegen i denne saka.

Vikse minner om den påkjenninga Medhaug er blitt påførd gjennom saka, ikkje minst som fylgje av Kristeleg Folkeparti si handtering av saka.

— Han er blitt fjerna frå alle politiske posisjonar og er den som har hatt størst belastning av alle, seier Vikse.

Kvinna vil ha retten til å fastsette at det ligg føre eit erstatningsgrunnlag i saka og at utmåling av erstatninga skal skje i ein ny rettsomgang.

Det vil i så fall bety endå ein omgang i retten.

Ho vil at retten alt i første omgang skal tildele oppreising «for tort og svie» på inntil 100.000 kroner. Heile beløpet skal ifølgje advokaten bli donert til «arbeid mot seksualisert vald».

Medhaug fekk melding om stemninga fredag kveld. Han vil ikkje kommentere saka overfor Bergens Tidende og viser til advokat Vikse.

VIRNE FOR SAKSØKAR: Valgerd Svarstad Haugland innkalla som vitne i saka mot Jan Birger Medhaug.<p/> ARKIVFOTO: SCANPIX