Soningskøen utanfor norske fengsel er på sitt lengste sidan 80-talet. Over 2700 straffedømde over heile landet ventar no på å sone.

Også i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er fengsla fulle, og køane lange.

— Av dei 615 som ventar på Vestlandet, har fleire fått beskjed om å møte til soning først om tre-fire år, seier direktør for Kriminalomsorg region vest, Per Sigurd Vaage, til BT.

Etter hans meining sender dette ut svært negative signal om lov og rett.

— Folk flest misser respekten for rettsstaten, og effekten av fengselsstraff blir redusert, seier Vaage.

Hard prioritering

Overfylte fengsel fører til hard prioritering i soningskøen: Dei som er dømde for gjengkriminalitet, vald og har lange dommar går først. Lenger bak stiller dei som er dømde for mindre alvorleg valds- eller vinningskriminalitet, økonomisk kriminalitet, har fått promille- eller trafikkdommar.

Plassmangelen kan også få meir omstridde følgjer.

— I prekære tilfelle blir fangar sette fri før vanleg tid, som regel gjeld det fangar med lengre dommar. Dei blir lauslatne nokre dagar før soningstida er omme, for å frigjere plass til varetektsfangar, forklarar Vaage.

«Dobbeltrom»

Ei anna løysing er å la to innsette dele celler som opphavleg berre er mynta på èit menneske. I Bergen landsfengsel i Åsane bur for tida 36 innsette på «dobbeltrom», sjølv om fengselet har dårlege erfaringar med denne løysinga.

Det alvorlegaste tilfellet skjedde tidlegare i år, då to fangar på same celle gjekk i strupen på kvarandre. Saka er no til etterforsking ved Arna og Åsane politistasjon.

At faren for overgrep aukar, er ei av fleire negative konsekvensar av overfylte fengsel, meiner Vaage.

— Dessutan aukar arbeidsbelastninga på dei tilsette, og kostnadene stig - utan at vi får større løyvingar. Vi er i klemme, seier han til BT.

Vaage etterlyser derfor handlekraft og vedtaksvilje hos politikarane.

— Dette er eit politisk spørsmål. Dei må ta avgjerder som gjer at problema i kriminalomsorga ikkje berre aukar og aukar, meiner han.

— No ventar vi spente på at «hovudstadsbudsjettet» kjem opp i Stortinget oktober. I mellomtida veks køane og nye dommar blir produsert, mens folks oppfatning av lov og rett blir svekka, seier Vaage.

- Søk om nåde

Leiar for forsvararforeininga i Bergen, advokat Jostein Alvheim, meiner det bør vere aktuelt å søkje om bli teken til nåde for domfelte som må vente fleire år på å få kome inn til soning.

— Det er heilt uakseptabelt at personar skal vente tre-fire år før dei får sone dommen sin. Mange er svært opptekne av å få kome raskt inn til soning, slik at dei kan leggje saka bak seg, seier Alvheim.

Tidligare har advokatar i Bergen samla seg om kritikken av varetektssituasjonen. No når problemet også har spreidd seg til soningskøa, meiner Alvheim det er på tide at styresmaktene tek ansvar.

— Det er openbert at nokon har forsømt oppgåvene sine. Det finst tal og prognosar som har fortalt kva behov det vil vere for fengselsplassar. Dette til trass har ikkje styresmaktene sytt for å auke kapasiteten, seier Alvheim.

Han meiner domstolane må ta konsekvensen av dette og i større grad idømme samfunnsstraff for mindre alvorlege lovbrot.

— At reaksjonen kjem raskt bør vere av interesse for alle partar, seier Alvheim.