Dette slår Høgsterett fast i ein samrøystes dom som vart avsagd onsdag.

Det var ein grunneigar frå Vinje i Telemark som hadde stemna staten for retten. Han eig stor fjellområde i Vinje og har i fleire år dreve kultivering av vatn og elvar for å drive opp fisket. Sal av fiskekort er ein vesentleg del av næringsgrunnlaget.

Erstatning

Han meinte at lova som opna for fritt fiske for barn under 16 år, med stong og handsnøre, kjem i strid med paragraf 105 i Gunnlova som gjev ein grunneigar rett til erstatning om han må avstå rettar til fast eigedom.

Denne konklusjonen kom også juss-professor Eivind Smith til i eit utgreiing han laga for Norges Bondelag i 1992, før lova vart vedteken.

I retten vart det også hevda at lova er i strid med den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Saka har versert i alle tre rettsinstansar, og grunneigaren har lide nederlag heile vegen.

Prinsipielt viktig

Sidan saka reiser viktige prinsippspørsmål som ikkje tidlegare har vore behandla av Høgsterett, vart grunneigaren innvilga fri sakførsel for Høgsterett.

Av same grunn fekk staten ikkje medhald i kravet sitt om at saksøkaren måtte betale staten sine sakskostnadar for alle tre rettsinstansar, sjølv om staten vann fram med sitt syn. Hovudregelen er at den som taper må betale motparten sine sakskostnadar.

Norges Bondelag opptrådte som hjelpeintervenient for grunneigaren. Også Bondelaget slepp å betale sakskostnadar til staten men må dekke eigne kostnadar.

Vurderer Strasbourg-klage

Advokat Tor N. Rekve som førde saka for Bondelaget, seier til Bergens Tidende at ein nå vil vurdere grundig om ein skal freiste å få saka inn for den europeiske menneskerettsdomstolen, EMD, i Strasbourg.

Rekve vedgår at det er ein del hinder ein må over for å ha von om å vinne fram der. Det gjeld mellom anna ei avgjerd frå EMD om retten til å fiske i fleire av dei store svenske innsjøane der avgjerda går grunneigarane imot.

Rekve meiner Høgsterett gjennom den ferske dommen sender eit viktig signal om at allemannsretten ikkje er «statisk» men derimot «dynamisk». Det betyr at allemannsretten blir utvikla over tid og kan få nytt og utvida innhald.

«Lovgiveren må kunne foreta en justering av grensen mellom grunneierens rådighetsrett og allmennhetenes rettigheter, uten at dette utløser erstatiningskrav fra grunneierne.» skriv førstevoterande i dommen. Han skriv vidare: «Etter min mening ligger den adgang til fiske som er gitt barn under 16 år, innenfor de inngrep som kan gjøres uten å utløse krav om erstatning.»

«Beskjedent inngrep»

Førstevoterande har kome til at inngrepet overfor grunneigerane sin rett til å utnytte eigedomen er «beskjedent». På den andre sida er karakteren av dei offentlege interessene som har bore fram lovendringa, vesentleg. Samstundes er det råd å søke om dispensasjon frå lova om rett til fritt fiske, dersom barns fiske vil vere til vesentleg skade for fiskekulturarbeidet eller grunneigaren sitt fiske. Endeleg kan domstolane overprøve forvaltninga sine vedtak i ei slik sak.

Difor blir konklusjonen at lova som gjev barn fiskerett, heller ikkje er i strid med den europeiske menneskerettskonvensjonen, slik saksøkarane har hevda, ifylgje førstevoterande i Høgsterett.