Komiteen vil ha svar på fleire spørsmål om den norske medverknaden til USA sitt rakettforsvar.

Komiteen konstaterer at salet av boreriggen «Moss Sirius» til det amerikanske selskapet Boeing innebar at Boeing fekk godkjend 34 millionar amerikanske dollar som gjenkjøp med utgangspunkt i ein avtale Noreg hadde med Spania ved bygging av nye norske fregattar.

«Subsidiering»

SV sin parlamentariske leiar, Inge Ryan, som er nestleiar i kontrollkomiteen, seier til Bergens Tidende at godkjenninga av gjenkjøp for dette beløpet framstår som ei rein subsidiering frå den norske staten.

Komiteen påpeikar at dette gjenkjøpsbeløpet var godkjend trass i at boreriggen var bygd i Russland.

Kontrollkomiteen vil nå ha svar på om det er vanleg at gjenkjøp blir godkjend for varer og tenester som er utførd i andre land enn Noreg.

Komiteen vil også ha svar på om ein slik avtale er i samsvar med regelverket for gjenkjøp.

Komiteen krev også svar på om Stortinget burde ha blitt informert om godkjenninga av denne transaksjonen som gjenkjøp.

Fleire tilfelle?

Komiteen vil også vite om regjeringa vil informere Stortinget før eit tilsvarande gjenkjøp eventuelt skulle bli godkjend i framtida.

Kontrollkomiteen viser vidare til svarbrevet frå forsvarsministeren, datert 25. mai, som inneheldt svar på dei første spørsmåla komiteen stilte.

Her kom det fram at departementet har sett i verk undersøkingar for å klarlegge om andre norske bedrifter har kontraktar om leveransar til det amerikanske rakettforsvaret, som resultat av gjenkjøp.

Inntil 25. mai var resultatet av denne kartlegginga negativ. Komiteen vil nå vite om det etter denne datoen har kome for ein dag opplysningar om andre norske verksemder har slike kontraktar som resultat av gjenkjøp.

Komiteleiar Lodve Solholm (Frp) opplyser til Bergens Tidende at komiteen førebels ikkje har vurdert å opne ei regulær granskingssak. Det vil først bli vurdert etter at svara på dei nye spørsmåla ligg føre.

Komiteen skal ha sitt siste møte før ferien komande tysdag.

KREV SVAR: Kontrollkomiteen på Stortinget vil ha svar på ei rekkje spørsmål fraforsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen vedkomande Norges rolle i i USAsitt rakettforsvar. FOTO: TERJE BENDIKSBY, SCANPIX
Scanpix