Dette kom fram under den opne høyringa i Kontroll— og konstitusjonskomiteen på Stortinget i går.

Ingen av komitemedlemene ville trekke klare konklusjonar etter høyringa. Men lite tyder på at dei som har vore kritiske til måten salet vart gjennomførd på, er blitt mindre kritiske etter det som kom fram under høyringa.

Finalekampen

Tre tilbydarar kniva i finalen om å få overta SND Invest med heile aksjeporteføljen. To av selskapa fylgde departementet sitt opplegg til punkt og prikke. Det tredje selskapet, Four Seasons Venture IV, som fekk tilslaget, fekk aksept frå departementet til å fråvike tilbodsreglane som departementet hadde laga.

Departementet hadde heile tida stått på at den som skulle kjøpe SND Invest måtte overta heile venture-selskapet inkludert både dei børsnoterte og dei ikkje børsnoterte aksjane.

Alle dei tre konkurrentane i finalen var i hovudsak interessert i berre dei ikkje børsnoterte akjsjane.

Four Seasons tok i sine tilbod atterhald mot å kjøpe den børsnoterte porteføljen. Selskapet ordna seg med å inngå ein avtale med DnB Markets om at DnB skulle overta denne porteføljen. Avtalen inneheldt ein klausul om at staten kunne tre inn i denne avtalen. Four Seasons oppnådde at Næringsdepartementet instruerte SND Invest til å selje denne porteføljen direkte til DnB Markets. På den måten slapp Four Seasons å skaffe kapital til å kjøpe denne porteføljen. Det var ein klar fordel.

Dette kom fram under utspørjinga av leiaren for Four Seasons, Thomas Falch, under høyringa.

- Illojalt av selgar

Denne framgangsmåten var ukjent for konkurrentane inntil dei fekk høyre det i høyringsrommet.

— Eg opplever det som illojalt av seljar å la det bli ein konkurransemessig fordel å ikkje fylgje vilkåra som var stilt, seier Sverre Skogen til Bergens Tidende, etter høyringa. Han var saman med partnaren Willy Wiik, ein av tilbydrarane.

Jan G. Hartvig som representerer den tredje konkurrenten, Norgesinvestor III AS var forundra over at selskapet ikkje vart kontakta i den siste bodomgangen då dei to andre fekk justere tilboda sine.

— Om det er kritikkverdig er det Dykkar oppgåve å finne ut av, sa han retta til Kontrollkomiteen.

Fleire spørsmål til statsråd

Saksordføraren for kontrollsaka, stortingsrepresentant Kjell Engebretsen (A), seier til Bergens Tidende at han nå vil måtte stille fleire nye spørsmål til næringsminister Ansgar Gabrielsen på bakgrunn av det som kom fram under høyringa.

Høyringa avdekka at det er eit gap i realitetsoppfatninga mellom statsråd Gabrielsen og den tidlegare leiinga i SND Invest.

Næringsminister Gabrielsen forklarte at salsprosessen var gjennomførd på heilt vanleg og fast innarbeidd måte når staten sel aksjar eller selskap.

Tidlegare styreleiar Otto A. Geheb sa at staten neppe har etablert nokon praksis for sal av eit venture-selskap. Eit slikt sal er heilt eineståande og skil seg vesentleg frå utsal av eit selskap eller einskildaksjar.

Trygla om møte

Difor hadde styret og administrasjonen i SND Invest vore sterkt urolege for måten departementet organiserte salet på. Konsekvensen ville nemleg vere at store beløp ville måtte gå tapt for staten.

— Vi forsto at det opplagt ville innebære rabattar på over 50 prosent av verdiane, sa Geheb.

Geheb kunne opplyse at han berre etter mykje mas og sterkt påtrykk hadde fått høve til å møte departementet og presentere styret sitt syn. Det skjedde i møte i april 2003 der også statsråd Gabrielsen var til stades.

— Vi rekna med at det ville bli lagt vekt på vurderingane våre, forklarte Geheb.

Men Geheb hadde etter møtet ikkje inntrykk av at departementet var interessert. Han hadde inntrykk av at salsprosessen hadde stått stille veldig lenge og at statsråden hadde veldig hast med å få gjennomførd salet.

Falch opplyste i går at Four Seasons over tid og med hardt arbeid reknar med å kunne tene over 500 millionar kroner på den porteføljen ein overtok.

Det er i tråd med den vurderinga og planen styret i SND Invest i fjor vår presenterte for departementet.

I HARDT VÊR: Framgangsmåten som næringsminister Ansgar Gabrielsen valde då SND Invest vart selt, vart i går stempla som «illojal» overfor dei tilbydarane som fylgde departementet sitt opplegg. Nå får Gabrielsen fleire nye spørsmål frå Kontrollkomiteen.<br/> ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND