VIDAR YSTAD

Komiteen er svært misnøgd med svara regjeringa har levert om pensjonsvilkåra for ein del statlege leiarar. Difor får statsminister Kjell Magne Bondevik (biletet) nye spørsmål.

Kontrollkomiteen vedtok i går samrøystes å ta opp saka på nytt med statsministeren. Før møtet komande tysdag skal Frp-formann Carl I. Hagen utarbeide nye spørsmål som skal sendast til statsministeren.

— Ein del av svara vi fekk, var på sida av poenget og dermed utan poeng, medan vi ikkje fekk svar i det heile på eit anna spørsmål, seier Hagen til Bergens Tidende. Det var han som reiste saka i komiteen på bakgrunn av oppslag i Bergens Tidende om pensjonsvilkåra for statlege leiarar.

— Vi er opptekne av at staten skal markere seg som aktiv eigar, gå føre og vise måtehald. Det held ikkje at regjeringa freistar å avgrense verkeområdet til berre selskap som mottek pengar over statsbudsjettet. Signaleffekten er svært viktig, seier komiteleiar, Ågot Valle (SV) til BT.