Helene Frimannslund fekk tilfeldigvis vite at mastergraden ho skal ta ved EAE Business School i Barcelona ikkje er godkjend av Lånekassen likevel. Ho må dermed sjølv legge ut 90.000 kroner i skulepengar i tillegg til reise og opphald.

— Eg er så heldig at eg har ei leilegheit eg kan selje, men det er verkeleg synd for dei som ikkje har denne mulegheita, seier Frimannslund.

— Vi beklagar veldig at studentane har kome i denne situasjonen. Men vi kan ikkje gå utanom regelverket, seier informasjonssjef i Lånekassen Wenche Merli.

Lånekassen legg vekt på at oversikta over godkjende utdanningar er rettleiande, og ikkje ein garanti for at utdanninga gir rett til studiestøtte. Men dei lovar at dersom søkjaren tidlegare har fått godkjenning av utdanninga si, så skal dei sjå på saka.

Frimannslund har fått eit brev datert 1. mars 2006 der det står «Etter det Lånekassen har kjennskap til, er begge lærestadene offentleg godkjend i sine respektive land».

Med bakgrunn i lovnaden i brevet sa Frimannslund opp jobben i førre veke. Ho reiser til Spania uansett, og håpar at søknaden hennar skal gå i orden. Mange søkjarar har dei siste dagane fått beskjeden om at dei likevel ikkje får studiestøtte. Fleire har, i følgje Studvest, byrja å planlegge studieopphaldet for lenge sidan, betalt depositum og teke språkkurs.

Rasmus Myklebust er president i Association for Norwegian Students Abroad (ANSA). Dei jobbar for å få til ei løysing med Lånekassen.

— Det går ikkje å kome med nye reglar så tett opp mot studiestart. Dei kan ikkje behandle studentar på denne måten, seier Myklebust.

TOR HØVIK