• Eg legg til grunn at ein ansvarleg politijurist orienterer politimeisteren om forhold han eller ho har hatt til ein innsett i fengsel medan vedkomande var i arbeid der.

Dette seier riksadvokat Tor-Aksel Busch til Bergens Tidende med bakgrunn i den eine av dei to «fangesex-sakene» frå Bergen fengsel.

Begge dei to kvinnene er nå ute av tenesta i fengselet. Ei av dei to kvinnene som tidlegare arbeidde som juridisk saksbehandlar i fengselet, og der behandla mellom anna permisjonssøknadar, har fått jobb som politifullmektig ein annan stad i landet.

Må varsle politimeisteren

— Eg tek det for gitt at vedkomande politijurist sjølv orienterer politimeisteren om forholdet etter at saka nå er blitt kjent gjennom media, seier Busch.

Politimeisteren i det aktuelle politidistriktet seier til Bergens Tidende at kan korkje vil stadfeste eller avkrefte at det er ei slik aktuell sak i distriktet hans. Han opplyser samstundes at han ikkje har høyrt noko frå Politidirektoratet, som han sorterer under, om saka.

Bergens Tidende er kjent med at direktoratet har gjort forsøk på å få kontakt med politimeisteren, utan å lykkast.

Informasjonsrådgjevar Wemunn Aabø i Politidirektoratet har dette å seie til Bergens Tidende:

— Dette er ei sak politimeisteren, som personalansvarleg, sjølv må vurdere og ta hand om. Direktoratet vil ikkje meine noko om dette nå. Direktoratet vil ifylgje Aabø heller ikkje meine noko prinsipielt om denne typen saker rutinemessig bør meldast til politiet.

Ansvaret

— Eg tek for gitt at fengselsstyresmaktene har vurdert kva som skal skje og korleis ein skal reagere andsynes politiet i ei slik sak. Dei må vere vel kjent med regelverket. Det må vere fengselsvesnet med Justisdepartementet som ansvarleg overordna som i første rekke tek stilling til reaksjonsmåtar, seier Busch.

Torsdag i førre veke skreiv Bergens Tidende at seksuelle relasjonar mellom tilsett og innsett i eit fengsel er strengt forbode etter utuktskapittelet i straffelova, med ei strafferamme på inntil fem års fengsel. Ingen av sakene er melde til politiet av fengselet.

Krogvold teier

Førstetstasadvokat Walter Wangberg stadfesta at slike forhold er underlagt offentleg påtale.

Politiet i Bergen har likevel ikkje sett i verk etterforsking, opplyser kriminalsjef Svein Erik Krogvold til Bergens Tidende. Han vil ikkje svare på om politiet i Bergen har orientert eller hatt kontakt med politidistriktet der en kvinnelege juristen nå er tilsett som politifullmektig.

Kva politiet i Bergen har gjort med spaningsrapportane i saka, vil Krogvold heller ikkje seie noko om. Det er tidlegare gjennom Bergens Tidende blitt kjent at forholdet mellom juristen og fangen vart avdekka ved at politiet spana på den innsette under permisjon. Spanarane fylgde han heim til juristen. Mannen sona ein lang narkotikadom.

To fekk sparken

I 1996 vart det kjent at ein kvinneleg fengselsbetent i Ullersmo landsfengsel og ein kvinneleg aspirant i Bergen landsfengsel hadde fått avskil. Det skjedde etter at det var avslørt at begge hadde innleidd forhold til ein mannleg innsett som var dømd for valdtekt. Faktisk hadde dei forhold til same mannen som hadde vore innsett i begge anstaltane.

Knut Eigum, som då var direktør ved Ullersmo, uttala den gongen om saka til Dagbladet: «De ansatte må være seg sitt ansvar bevisst. Ved et avhengighetsforhold kan ansatte i fengslene bli utnyttet, blant annet til smugling av narkotika inn i fengslene. Ansatte kan bli truet til å hjelpe innsatte med våpen – og kanskje bli presset til å hjelpe dem med en eventuell rømming.»

Melder til politiet

Dagens direktør ved Ullersmo, Ellen Bjerke, sluttar seg heilt og fullt til Eigum sine synspunkt.

— Det er dette som er kjerna i problemet seier ho til Bergens Tidende. Ho opplyser at det ikkje er noko ukjend fenomen at det oppstår kjærleiksforhold mellom tilsette og innsette.

— Det er heilt uakseptabelt og det må reagerast strengt. Det er sjølvsagt at vi må melde slike saker til politiet dersom det er mistanke om at det har skjedd noko straffbart. Reglementet og instruksen er heilt klar.

— Har du kjennskap til at slike saker er melde til politiet?

— Ja. Men eg vil ikkje gje detaljar. I Bergen ser det ut til at ein har lagt seg på ei anna line.

Jostein Kallekleiv, som er fungerande direktør i Region vest av Kriminalomsorga, seier til Bergens Tidende at ein nok «har late vere å melde slike saker til politiet om den tilsette har teke konsekvensen og sagt opp jobben sjølv». Tilsette som har hamna i ein slik situasjon, har også fått høve til å seie opp sjølv, og dermed sluppe å få sparken.