Påstandar går ut på at Gabrielsen skal ha skusla vekk innpå ein milliard kroner ved måten SND Invest vart selt på. Vinsten skal i staden ha falle på fleire rike samfunnstoppar med NHO-president Jens Ulltveit-Moe i spissen.

— Det var heilt openbert at vi måtte skrive brev til statsråden og be om ei utfyllande forklaring, seier nestleiar i komiteen, Martin Engeset, til Bergens Tidende. Han er partifelle av Gabrielsen.

Lytta ikkje til råd frå styret

Komiteen vil nå ha ei orientering om den strategien som vart valt for salet. Komiteen vil også ha utførleg svar på om aksjane vart selt til under marknadspris, slik det har vore hevda med brei penn, og i tilfelle ei grunngjeving for dette.

Endeleg har komiteen merka seg opplysningar i pressa om at statsråden ikkje skal ha fylgt dei råda han fekk frå styret i selskapet. Komiteen viser til at statsråden skal ha halde seg til andre rådgjevarar. Komiteen legg til grunn at den orienteringa Gabrielsen nå skal gje, også omfattar desse forholda.

— Vi ventar å få ein totalgjennomgang av saka frå statsråden. Slik saka ser ut nå, har han ikkje lytta til sitt eige styre. Vi spør oss om kvifor. Det kan verke som om dette er eit styre utan tillit, seier Kjell Engebretsen (Ap) til BT. Også han er nestleiar i komiteen.

Forvaltar statens pengar

— Vi ventar å få ei korrekt og dekkjande framstilling av heile saka og få oversendt alle relevante dokument i saka, seier komiteleiaren, Ågot Valle (SV).

— Eg går ut frå at vi får ei utfyllande og fullstendig framstilling av denne saka. Det bør også statsråden sjå seg tent med for å unngå stadig nye omgangar og rundar med spørsmål, seier Engebretsen.

— Å forvalte staten sine midlar skikkeleg, er ei klar oppgåve for statsråden. Han har tydelegvis ikkje lytta til styret sitt. Derimot har han lytta til andre rådgjevarar, nemleg Enskilda Securities. Vi må få klarlagt kva interesser dette selskapet hadde i å få gjennomførd salet fort, seier Ågot Valle til BT.

Informasjonssjef Øistein Øisjøfoss i Næringsdepartementet opplyser til Bergens Tidende at statsråd Gabrielsen vil svare Kontrollkomiteen så snart som råd.

Meir presis kan han ikkje vere.

— Det er eit omfattande arbeid som må gjerast og eit stort materiale som må vurderast, seier Øisjøfoss.

Kontrollkomiteen er innforstått med at det kan ta noko tid. Komitemedlemer seier til Bergens Tidende at dei er meir interessert i eit grundig og skikkeleg svar enn eit raskt svar.

HARDE SKULDINGAR: Påstandar går ut på at Ansgar Gabrielsen skal ha skusla vekk innpå ein milliard kroner ved måten SND Invest vart selt på. Vinsten skal i staden ha falle på fleire rike samfunnstoppar med NHO-president Jens Ulltveit-Moe i spissen.<br/> ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND