EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

Danskebåten "Queen of Scandinavia" og englandsbåten "Princess of Scandinavia" er båe utstyrt med redningsflåtar som ikkje er tillatt på skip med norsk flagg. Forklaringa på det norske forbodet er at flåtesystemet har svikta eit 20-tals gonger det siste året.

Etter at Bergens Tidende tok opp saka i går, vil norske styresmakter ha ei god forklaring frå danskane på kvifor ikkje dei har vore like strenge.

— Tryggleiksdirektør Odd Skaug har tatt kontakt med folk høgt oppe i den danske Søfartsstyrelsen i dag. Vi vil gjerne vite kva slags vurderingar dei har gjort, og ventar svar i løpet av veka, seier fungerande sjøfartsdirektør Roar Skuggedal.

Tusenvis i året Ifølgje Skuggedal er det ikkje mogleg for norske styresmakter å stille spesielle krav til redningsutstyret på utanlandske passasjerferjer - sjølv om dei dagleg seglar til og frå norske hamner.

— I dette tilfellet er det danskanes ansvar, fordi båtane har dansk flagg, seier Skuggedal.

Tusenvis av nordmenn reiser kvart år med dei to store DFDS-ferjene "Queen of Scandinavia" og "Princess of Scandinavia" frå Kristiansand og Oslo til København, Gvteborg og Newcastle.

- Kan aldri vere sikre Leiinga i reiarlaget DFDS vedgår at det har vore mykje tull med flåtane om bord.

— Det har vore dårleg kvalitetskontroll hos produsenten. Men vi har no gått igjennom og fått godkjent flåtesystema på kvar enkelt båt, og kjenner oss sikre på at dei fungerer, seier Richard Berg-Larsen, flåteansvarleg i DFDS.

— Men for 14 dagar sidan svikta det igjen på DFDS-skipet "Dana Anglia". Korleis kan de vere sikre på at dette ikkje vil skje igjen?

— Ja, korleis kan vi vere heilt sikre? Det går aldri an å vere det. Men vi har prøvd systemet mange gonger, og testar det årleg. Vi har tru på det, seier Berg-Larsen, som forstår at det kan synest merkeleg at ikkje regelverket er likt i Danmark og Norge.

Reiarane er orienterte Etter at Det Norske Veritas i fjor haust trekte attende typegodkjenninga for flåtesystemet, er det ikkje lov å montere det på fleire båtar.

— Vi har ikkje fullmakt til å forby system som allereie er montert. Men vi har orientert alle kjøparane om feila som er oppdaga, og oppmoda dei om å funksjonsteste utstyret, seier informasjonsdirektør Tore Høifødt i Det Norske Veritas.