• Ei utviding av rasismeparagrafen for å dekke fleire forhold, vil etter alt å døme krevje ei endring av Grunnlova.

VIDAR YSTAD vidar.ystad@bt.noOsloDet seier riksadvokat Tor-Aksel Busch til Bergens Tidende. Busch viser til kritikken som er reist mot påtalemakta for handhevinga av rasismeparagrafane i straffelova, 135a og 349a.— Påtalemakta sitt arbeid med denne typen saker, slik eg kjenner det, er i tråd med dei signala som Høgsterett gav gjennom plenumsdommen i Kjuus-saka, seier Busch. Han var aktor då Kjuus-saka vart behandla for Høgsterett i plenum. Høgsterett delte seg i den saka. Mindretalet ville frifinne Kjuus av omsyn til ytringsfridomen. Men også fleirtalet gjekk langt i å understreke ytringsfridomen slik den er nedfelt i Grunnlova.- Høgsterett slo i den dommen fast at ytringsfridomen står sterkt slik den er nedfelt i Grunnlova. Det inneber også etter mitt syn at ei sterk endring av rasismeparagrafen 135 a i straffelova, for å råke fleire forhold, kan vere problematisk. Etter mitt syn vil det då vere påkravd å endre Grunnlova.- Vil det innebere ei innsnevring av ytringsfridomen? - Nei, det treng ikkje bety det. Men det kan vere snakk om nærare presiseringar.