Det inneber at regjeringa må ta i bruk partipisken om ein skal unngå at regjeringa og justisminister Knut Storberget lid nederlag i Stortinget.

Senterpartiet sin parlamentariske leiar, Rune J. Skjælaaen, seier han er skeptisk til å endre åremålet og dermed endre spelereglane medan ein person sit i stillinga.

— Veldig dårleg ide

  • Eg meiner det vil vere uheldig å gjennomføre ei slik endring, seier han.

Stortingsrepresentant Rolf Reikvam, som var SV sin talsmann då Odelstinget i 2000 vedtok endringane i politilova, er også klar:

— Det er ein veldig dårleg ide å endre åremålsperioden. Vi må ikkje kome dit at vi endrar spelereglane fordi ein ynskjer å halde på ein person som sit i jobben. Eg mislikar dette sterkt. Killengreen er sikkert flink nok ho, men det finst sikkert mange andre som kan gjere denne jobben. La meg sitere Einar Førde: Kyrkjegardane er fulle av uunnverlege folk. Ingen person er så viktig at ein må endre lova for å forlengje tilsetjinga, seier Reikvam.

Ingen av Ap sine justispolitikarar ville i går uttale seg om saka.

Dei justispolitiske talspersonane frå Høgre, Frp, KrF og Venstre er alle motstandarar av å endre årsmålsordninga for politidirektøren.

- Ni år meir enn nok

  • Dette er eit ekstremt dårleg forslag. Forslaget betyr at justisminister Knut Storberget ynskjer å halde på Noregs mest lojale embetsmann for å verje seg sjølv. Ni år i denne stillinga er meir enn nok. Tida er overmoden for å finne ein ny politidirektør utanfor politiet, seier Jan Arild Ellingsen (Frp). Han er nestleiar i justiskomiteen.

— Ni år er meir enn lenge nok. Då er det behov for utskifting, uavhengig av person. Vi skal sjølvsagt gruppebehandle dette, men eg kan ikkje tenkje meg at Høgre vil gå inn for ei slik lovendring, seier Andre Oktay Dahl (H) som sit i justiskomiteen.

- Dårleg ide

Det var Odd Einar Dørum (V), som i eigenskap av justisminister i Bondevik I-regjeringa, fremja lova som gav politidirektøren 6+3 år.

— Det var grundig vurdert den gongen i 1999. Eg og Venstre er framleis av same oppfatning. Ni år er ein lang nok periode, heilt uavhengig av person. Det er ein dårleg ide å forlengje funksjonstida, seier stortingsrepresentant Dørum.

Hans Olav Syversen, som er justispolitisk talsmann i KrF, er også sterkt negativ:

— Eg er veldig kritisk til å endre generell lovgjeving for å tilpasse den bestemte personar. Rekkefylgjen av faktorane er ikkje likegyldig.

— I denne saka har fleirtalsregjeringa høve til å vise at ein kan ta signal frå Stortinget, seier Syversen.

SCANPIX