Renate D. Gjelsvik

Familien bur ein halv kilometer for langt unna den nærmaste telefonlinja til at Telenor vil betale for tilkoplinga. Dermed må familien betale 177.000 kroner.

— Vi bestemte oss i sommar at vi skulle byggje oss eit nytt hus for å slå oss ned i Guddal, seier Vibeke.

— Men Telenor sin pris endrar alt. No veit vi ikkje om vi vil likevel, seier Vidar.

— Å betale 177.000 kroner kjem ikkje på tale, seier Vibeke til Firda.

Paret har lenge vurdert på å flytte til heimplassen til Vibeke. Dei skaffa seg draumetomta, med ein flott utsikt over Guddal. Veslejenta Karoline(1 1/2) har fått plass i Guddal barnehage frå 1. august. Vibeke har fått seg jobb i Åfjorddalen barnehage, og Vidar er tømrar og sjølvstendig næringsdrivande.

No bur dei i Førde, men familie og vennar bur i Guddal. Dei meiner bygda er inne i ei positiv utvikling, og ynskjer sterkt å bu der. Det er 28 år sidan det budde nokon på slektsgarden Noven.