Dermed er ein lang og hard forsvarsstrid over. Forsvarssjef Sverre Diesen har lidd nederlag og tapt mot forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Han meinte at det ikkje var penger nok til å halda MTB-ane i drift. Dei årlege utgiftene vert om lag 200 mill. kroner.

Dermed blir dei nye missiltorpedobåtane ikkje lagt i bøyene etter kvart som dei blir ferdigstilte. Dei skal inngå i det framtidige Forsvaret.

— Ein god dag

I dag tidleg var langtidsplanen for Forsvaret oppe til tredje gongs behandling i Ap si stortingsgruppe. Strøm-Erichsen skal leggja fram langtidsplanen fredag etter påske.

Stortingsrepresentant Per Rune Henriksen har i lang tid vore sterk forkjempar for MTB-ane. Han seier – rett nok litt løyndomsfullt – at han korkje vil bekrefta eller benekta noko om MTB-ane sin lagnad.

– Men dette er ein god dag for Vestlandet og Sjøforsvaret, er orda han brukar.

Meir pengar Det er nå klart at dei tre regjeringspartia har samla seg om opplegget for det framtidige Forsvaret som inneber ein auke i løyvingane på 7-800 millionar kroner.

Det er noko mindre enn det tverrpolitiske forsvarspolitisk utval gjekk inn for. Utvalet ville ha ein auke på ein milliard kroner.

Det er vidare klart at fellesoperativt hovudkvarter (FOHK) blir flytta frå Jåttå ved Stavager til Reitan ved Bodø. FOHK samordnar all operativ verksemd i Forsvaret, både innanlands og utanlands.

Treng vi MTB-ane? Sei meininga di!