Oslo

— Det stemmer at eg har gjeve Kristin (Halvorsen) beskjed om at eg ikkje ønskjer ein plass i regjeringsapparatet, seier Lysbakken til Bergens Tidende.

Det er først og fremst personlege grunnar til at han seier nei. - Dersom eg ikkje skal sitje på Stortinget ønskjer eg å skaffe meg anna og breiare erfaring. Eg ønskjer ikkje å bli heilt oppslukt av det politiske livet i den fasen av livet eg er i nå, fortel Lysbakken.

Lysbakken var innvalt som den eine av SV sine to stortingsrepresentantar frå Hordaland i førre stortingsperiode. Men han fall ut ved valet i haust då partiet miste det eine mandatet i Hordaland.

Stor respekt

Lysbakken er rekna som eitt av dei største politiske talenta i SV. Han sat i førre periode i Finanskomiteen der han sette seg kraftig i respekt .

Lysbakken tilhøyrer venstresida i SV, men han nyt stor respekt i heile partiet i kraft av si faglege tyngd. Både folk på venstresida og partileiar Kristin Halvorsen har sett nytten av å få Lysbakken med i regjeringskollegiet.

For Halvorsen sin del har vurderingane mellom anna vore at det er viktig å få med Lysbakken for å få full oppslutnad frå venstrefløyen om regjeringsprosjektet.

Skeptisk

Sjølv har Lysbakken etter det Bergens Tidende kjenner til, dels vore redd for å hamne i ein gisselfunksjon, og bli medansvarleg for ein politikk han ikkje vil kunne stå inne for. Både Lysbakken og andre på venstresida er fullt klar over at regjeringsdeltaking for SV vil bli ein tornefull veg med kompromiss det kan bli tungt å svelgje.

Det finst også fleire på venstresida i SV som har åtvara Lysbakken mot å gå inn i Regjeringa på dette grunnlaget. Dei har vore redde for at han skal bli sugd opp og «brennmerkt».

Lysbakken har også vore skeptisk til i så ung alder å gå inn i ein posisjon der han er redd for å bli stempla som politisk broiler. Han vart innvalt på Stortinget som 24-åring.

Til samanlikning var bømlingen Knut Arild Hareide vel 31 år då han tok sete ved kongens bord i 2004.

Lysbakken seier at han ikkje har prinsipielle motførestellingar mot å bidra i regjeringsapparatet:

— Eg støttar regjeringsdanninga fullt og heilt. Den er utruleg viktig for SV. Men eg meiner det er viktig at ikkje alle sentrale politikarar i SV anten sit i regjering eller på Stortinget. Partiet må styrkast både organisatorisk og politisk. Det ønskjer eg å bidra til. Eg er veldig innstilt på å jobbe på grasrotnivå.

Blinka ut

Før stortingsvalet var Lysbakken blinka ut i partiet som ein høgaktuell kandidat til å bli ny parlamentarisk leiar dersom det vart eit raudgrønt fleirtal og ny regjering.

Etter at mandatet gjekk tapt, er det likevel ein opning for at Lysbakken kan kome inn på Stortinget og jamvel bli parlamentarisk leiar.

Det er avhengig av at Ågot Valle, som førstekandidat frå SV i Hordaland, får sete i Regjeringa.

Det er ikkje heilt utenkeleg at det kan skje. Det er ifølgje fleire SV-kjelder i så fall avhengig av at SV får kulturministerposten i den nye Regjeringa, men gjetningane i går gjekk ut på at Senterpartiet får den posten.

Det er eit sterkt ønskje i SV å ha Lysbakken med på laget nå. Når han har sagt nei til å bli statsråd, ville ein plass på Stortinget vere eit bra alternativ.

ØNSKT AV SV: Audun Lysbakken er ønskt som statsråd frå SV. Han kunne bli statsråd dersom han sa ja. Men han har valt å seie nei til sete ved kongens bord. ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND