• Vi vil ta eit politisk initiativ, og er innstilt på at Stortinget løyver dei pengane som skal til for å halda oppe tilbodet med nattoga.

Det seier stortingsrepresentant Audun Lysbakken (SV) (biletet) til Bergens Tidende.

— Dersom NSB sin strategi er å truga med nedlegging for å få auka subsidiar (statleg kjøp), så bit de på den?

— Jernbanen misser passasjerar, og bakgrunnen må vera alle tilboda om billegbillettar på fly som florerer. Ei massiv flytting av trafikken frå jernbane til fly, er miljømessig ikkje akseptabelt. Difor må det offentlege inn med ei motvekt. Vi kan ikkje forlanga at NSB skal driva med underskot, seier Lysbakken.

Frå Stortinget, fagrørsla og naturvernhald blir det protestert mot å leggja ned nattogtilboda på Bergensbanen, Dovrebanen og Sørlandsbanen.

Naturvernforbundet Hordaland har reagert med å senda brev til samferdsleminister Torild Skogsholm.

— Når nattoga er lagt ned, kan andre fjerntog snart lida same lagnaden. Det blir miljømessig veldig kostbart, seier leiaren, Tom Sverre Tomren, til Bergens Tidende.

Alf Kissner i Voss trudde nesten ikkje sine eigne øyre då han høyrde at NSB tenkjer på å leggja ned nattoga.

— NSB veit ikkje kva dei steller med. I staden for å leggja ned nattoga på Bergensbanen, må dei gjera tilbodet meir attraktivt. Toga har for få kupear.

Den tidlegare leiaren av pendlarforeninga Voss-Bergen reiser frå tid til anna på tenestereise frå Voss til Oslo. Også for mange forretningsreisande er nattoget det klart beste alternativet på veg innover mot hovudstaden.

— Problemet har vore at det ikkje er plass på toget, seier Kissner.

Han må ofte reisa til Oslo på kort varsel, og kan såleis ikkje tinga plass i god tid. Det han etterspør, er singelkupé.

— Det er uaktuelt å snorka seg til Oslo i tre-køys sovekupé, seier han.

Dermed misser NSB kundar til flyselskapa, sjølv om det er langt mindre attraktivt. For å nå fly på Flesland i sju-åttetida om morgonen, må ein stå opp klokka fire om natta.

Då er det meir sytalaust å leggja seg inn på nattoget litt over midnatt, og sova seg innover til ein god frukost, inkludert i billetten.